Gå til innhold
English A A A
Emne FIL303

Forskingsemne i filosofi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust/Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Læringsutbyte

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.

-Kunne trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til gjevne oppgåver.

-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Mål og innhald

FIL303 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet.

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale filosofiske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva.

I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling.

Læringsutbyte/resultat

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.

-Kunne trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til gjevne oppgåver.

-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt.

Obligatoriske arbeidskrav

Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i FIL303:

-Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester.

Når det gjeld utsetting av obligatoriske aktivitetar og kor lenge dei er gyldige viser vi til dei utfyllande reglane for gradsstudium ved Det historisk filosofiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Vurderingsformer

1. Studentene skal ha ei vekes heimeeksamen. Eksamenssvaret skal vere på 4000-6000 ord.

2. Den skriftlege oppgåva skal forsvarast munnleg overfor faglæraren i hovudemnet og ein annan sensor. Munnleg eksamen kan justere karakter på grunnlag av det skriftlege arbeidet med ein karakter opp eller ned. Ved vurderinga vert det særleg lagt vekt på brei oversikt over sentrale problemstillingar innanfor heile hovudområdet.

Eksamen vert arrangert kvart semester.

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i Fil 301 og Fil 302.

Læremiddelomtale

Den pensumlitteraturen som er utarbeidd for eit seminar i eit forskingsemne gjeld som pensum for emnet.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert med jamne mellomrom.