Utforming av prosjekt for masteroppgåve i filosofi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår/Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten ha god oversikt over litteratur og problemstillingar innan masteroppgåvas tematikk og ha utarbeidd ein struktur for masteroppgåva, slik at han eller ho er i stand til å ta fatt på skrivinga av sjølve masteroppgåva.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår/Haust
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterprogrammet i filosofi.
Mål og innhald
I FIL304 skal studentane utarbeide ei prosjektskisse for masteroppgåva. Prosjektskissa skal vise at studentane er fortrulege med litteratur og problemstillingar innan fagområde.
Arbeidet med prosjektutforminga skal gje studentane eit godt utgangpunkt for strukturering av masteroppgåva. Prosjektet skal være avgrensa på ein måte som gjer det realistisk å fullføre masteroppgåva på to semester.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten ha god oversikt over litteratur og problemstillingar innan masteroppgåvas tematikk og ha utarbeidd ein struktur for masteroppgåva, slik at han eller ho er i stand til å ta fatt på skrivinga av sjølve masteroppgåva.
Undervisning og omfang
Arbeidsseminar, kor studentane legg fram sine prosjektskisser for kvarandre og førebur kommentarar til ein annan student sitt prosjektframlegg. I tillegg til seminarleiaren skal studentens rettleiar være til stades når studenten legg fram prosjektet sitt.
2 timar individuell rettleiing per student. I tillegg rår instituttet studentar til å bruke av rettleiingstimane knytt tilmasteroppgåva (sjå rettleiingskontrakt for masterstudiet) i samband med skriving av prosjektoppgåve.
Obligatoriske arbeidskrav
- Individuell rettleiing undervegs i arbeidet.
- Munnleg framlegg av prosjektet på seminaret (arbeidsseminar).
- Deltaking på minst 3 arbeidsseminar med studentframlegg. Dersom det vert arrangert færre enn 3 arbeidsseminar, skal studentane delta på alle.
Ein godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Det ferdig utforma prosjektet skal vere på om lag 4000 ord og skal leverast skriftleg.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Læremiddelomtale
Studenten legg opp pensum i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@fof.uib.no