Hjem

Utdanning

Masteremne

Forskningsprosjekt i filosofi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFIL314
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal førebu studentane til arbeidet med masteroppgåva. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • innsikt i eit nærare avgrensa tema innan særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
  • oversikt over sentrale problemstillingar, argument og posisjonar innan dette temaet.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere hovudposisjonar og argument i fagfilosofisk litteratur innan temaet
  • følgje med i den samtidsfilosofiske debatten innan temaet
  • vurdere relevansen av temaet for andre filosofiske spørsmål, evt. for andre fag eller for meir allmenne samanhenga.
  • utarbeide fruktbare problemstillinger innen filosofisk forskning
  • finne relevant litteratur, og beherske referanseteknikk på et høyt nivå

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • vidare studiar basert på temaet, til dømes i form av masterroppgåve (FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve)).
  • formidling av grunnleggjande innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule.
  • utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er individuelle rettleiingar, men rettleiar kan syne til undervisning i aktuelle emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Levere abstract til rettleiar. Innlevering av utkast til rettleia oppgåve føre kvar individuelle rettleiing. To individuelle rettleiingar.

Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av rettleiar og godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva og forskingsbibliografien skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Studenten set opp pensum i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    04.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    13.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen