Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i moderne politisk teori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFIL316
  • Talet på semester1
  • Språk Norsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk teori er eit tverrfagleg forskingsfelt der politisk filosofi møter kulturfaglege, samfunnsfaglege, rettslege og samtidsanalytiske problemstillingar. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar. Kurset tar opp tema innanfor hovudretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori frå om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn. Kurset gjev òg høve til sjølvvald fordjuping i teoriar, forfattarskap eller problemstillingar innan feltet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • eit generelt oversyn over sentrale omgrep, teoridanningar og stridsspørsmål i nyare politisk teori.
  • ei generell forståing av likskapar og skilnader mellom ulike teoretiske innfallsvinklar, argumentasjons- og framstillingsmåtar.
  • meir inngåande kunnskap om eit nærare avgrensa tema innan feltet.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere teoretiske hovudposisjonar, argumentasjons- og framstillingsmåtar i fagfilosofisk litteratur og i allmenne politiske diskusjonar.
  • formidle trekk ved desse hovudposisjonane og argumentasjonsmåtane i faglege så vel som i allmenne samanhengar.
  • sjølvstendig reflektere over relevansen av ulike retningar i moderne politisk teori for forståinga av aktuelle sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • på sjølvstendig grunnlag å finne fram til og setja seg inn i sentral litteratur i samtidig politisk teori.
  • å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den gjev på aktuelle spørsmål til eit fagleg og til eit allment publikum.
  • å vurdere relevansen av sentrale omgrep og teoridanningar i analyse av og refleksjon over sentrale politiske stridsspørsmål.
  • å identifisere og kritisk vurdere argumentasjons- og framstillingsmåter både i faglege og allmenne tekstar om sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

Emnet kan vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL316 overlappar med FIL116 (Innføring i moderne politisk teori) og FIL216 (Tema i moderne politisk teori). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL225 (Moderne politisk teori), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 1000-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum består dels av kjernestoff i form av innføringsverk og originalartiklar , dels av stoff som blir lagt opp til fordjuping i eit nærare avgrensa tema innan feltet.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    29.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    08.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen