Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i moralfilosofi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår eller haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane høve til fordjupning i eit utval av aktuelle tema innanfor moderne moralfilosofi. Emnet vil ha fokus på sjølvstendig arbeid med ei nærare avgrensa moralfilosofisk problemstilling.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • inngåande kjennskap til nokre sentrale tema innanfor moderne moralfilosofi.
  • innsikt i ulike filosofiske teoriar om grunnlaget for etiske vurderingar.
  • innsikt i korleis ulike moralfilosofiske standpunkt kan vere relevante for kva konklusjonar ein trekk i konkrete moralske/politiske spørsmål.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere sterke og svake sider ved ulike moralfilosofiske teoriar og posisjonar.
  • identifisere og ta stilling til relevante etiske omsyn og argument i etiske diskusjonar.
  • arbeide sjølvstendig med moralfilosofiske spørsmål og problemstillingar.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å lese moralfilosofiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
  • å skrive en faglig artikkel som omhandler et tema innenfor etikk eller moralfilosofi
  • vidare studiar i etikk og praktisk filosofi, t.d. på PhD-nivå

Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL128 (Innføring i moralfilosofi ), FIL227 (Innføring i etikk) og FIL228 (Tema i moralfilosofi ). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen