Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i nyare fransk filosofi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFIL329
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår eller haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet vil ta opp tema som er sentrale i nyare fransk filosofi forstått som tankeretningar som følgjer etter fenomenologien, strukturalismen og den franske tradisjonen i vitskapshistoria (Bachelard), men som likevel langt på veg kan forståast mot denne bakgrunnen. Det dreier seg om filosofiske nyorienteringar innenføre eit breidt spektrum; estetikk, språk, makt og liv som blir samla i ein symbiose av sentrale trekk ved den seinare samfunnsutviklinga (f.eks. analysert av J-F. Lyotard i «Den postmoderne tilstand» (1979)). Samstundes vil det her dreie seg om filosofar som på sett og vis "står til" einannan (Foucault kritiserer Derrida, Baudrillard kritiserer Foucault etc.) slik at vi i ein viss forstand kan snakke om ein tradisjon. Målet vil vere å gi ein orientering og ein diskusjon av nokre av tema som er sentrale for denne tradisjonen.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten skal ha fått ei oversikt over nokre sentrale problemstillingar i nyare fransk filosofi. Her blir det forventa ei utdjuping i meir bestemte problemstillingar samstundes som dette blir sett inn i ein større filosofisk sammenheng.

Dugleik:

Det blir forventa at studenten kan diskutere relevans og gyldigheit av dei perspektiv han set seg inn i. Eit viktig moment her vil vere å knyte an til aktuelle problem (økologiske, politiske samfunnsmessige etc.) gjennom ei forståing av filosofien sin relevans som noko som går klart utover faget sine eigne grenser.

Kompetanse:

Emnet kan vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL229 (Nyare fransk filosofi). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    03.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    12.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen