Hjem

Utdanning

Masteremne

Forskingsemne filosofi og kjønn

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Som hovudregel blir det undervist i emnet kvart vårsemester i år med oddetall.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale og aktuelle problemstillingar i samband med tilhøvet mellom kjønn og filosofi. Fokus vil være på utvalde filosofar sin tenkjemåte. Studenten skal tileigne seg god innsikt i problemstillingar, omgrep, posisjonar og argument innan pensumtekstane frå dei utvalde filosofane, og være i stand til å drøfte dei opp imot kvarandre. Emnet er eit tilbod til studentar som ønskjer ei fagleg fordjuping i feministisk filosofi, og skal fungere som eit grunnlag for dei som ønskjer å arbeide med eit kjønnsperspektiv i masteroppgåva. Emnet kan inngå i spesialiseringa i filosofi og idéhistorie på bachelornivå eller som eit av emna på masterstudiet i filosofi. Emnet er óg eit tilbod til studentar frå andre fag, både ved og utanfor Det humanistiske fakultet.

Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale problemstillingar kva gjeld tilhøvet mellom kjønn og filosofi i andre samanhengar. Det skal dessutan gje dei grunnlag for å setje seg inn i og følgje med i samtidig utvikling og debatt innanfor dette fagområdet. Emnet skal dermed óg bidra til å gje grunnlag for vidare studiar i filosofi med omsyn på eit kjønnsperspektiv.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap om sentrale og aktuelle problemstillingar i samband med tilhøvet mellom kjønn og filosofi.
  • god innsikt i problemstillingar, omgrep, posisjonar og argument knytt til kjønnsomgrepet hjå utvalde filosofar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att trekk ved sentrale problemstillingar i samband med tilhøvet mellom kjønn og filosofi i fagfilosofisk litteratur så vel som i meir allmenne samanhengar der det er relevant.
  • formidle kunnskap om tilhøvet mellom kjønn og filosofi i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument knytt til tilhøvet mellom kjønn og filosofi innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • kritisk lese og analysere filosofiske tekstar med omsyn på ein kjønnsproblematikk.
  • være i stand til å gjere greie for så vel som å drøfte ulike forståingar av kjønn.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • vidare studiar i filosofi og andre fag med omsyn på eit kjønnsperspektiv.
  • på sjølvstendig grunnlag å finne fram til og setje seg inn i samtidsfilosofisk debatt og litteratur knytt til kjønnsomgrepet, og formidle kunnskap om desse til eit fagleg så vel som eit meir allment publikum.
  • å vurdere relevansen av og, der det er relevant, bruke omgrep og argument knytt til tilhøvet mellom kjønn og filosofi på problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • å drøfte ulike forståingar av kjønn innanfor samtidsfilosofisk debatt.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar med KVIK205 (Kjønn og filosofi), FIL234 (Filosofi og kjønn) og FIL239 (Filosofi og kjønn).

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Munnleg framlegg av utkast til oppgåve.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Kjernepensum inneheld originaltekstar. I tillegg kjem kommentarlitteratur. Pensumet blir revidert ofte for at me skal kunne fange opp endringar og tendensar innan fagfeltet. Det blir óg gitt rom for at den spesialkompetansen og dei interesseområda som dei emneansvarlege har, skal kunne prege undervisninga i fordjupingsområdet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    15.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen