Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i politisk idéhistorie

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk idéhistorie handlar om politiske idéar, teoriar og tradisjonar i den vestlege idéhistoria frå antikken til vår tid med fokus på dei historiske og sosiale kontekstene dei blei utvikla i.

Emnet består av to hovuddelar:

I den første delen av kurset skal studentane fordjupe seg i tema innanfor europeisk politisk idéhistorie frå antikken og fram til i dag. Her blir hovudposisjonar i politisk idéhistorie introduserte, slik som naturrettstenking, kontrakt-teori og realisme.

I andre delen av kurset skal studentane fordjupe seg i utvalde politiske stridsspørsmål og debattar. Emnet presenterer originallitteratur som tek opp kontrakt-teori, liberale klassikarar, samt dei viktigaste kritikarane til liberalismen.

Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale innsikter frå den politiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i politiske debatter i samtida, både innanfor og utanfor faget.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • inngåande kjennskap til nokre av dei sentrale tema innan politisk idéhistorie
  • inngåande kjennskap over dei viktigaste debattane og ideologiane i den politiske idéhistoria.
  • innsikt nok til å identifisere dei viktigaste argumenta for og mot demokrati som styreform
  • god kjennskap til utvalde originaltekstar

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske hovudposisjonane og ideologiane som blir tatt opp både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
  • formidle trekk av desse filosofiske hovudretningane og ideologiane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • reflektere over fordelar og ulemper ved demokrati som styreform i faglege samanhengar, men óg i tilhøve til meir konkrete problemstillingar knytt til dømes til demokrati på arbeidsplassen

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor den politiske idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som til eit allment publikum
  • å vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei ideologiane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
  • å kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan og være eigna som støtte i studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum er sett saman av idéhistoriske tekstar som gjev ei innføring i politiske idéar, teoriar og debattar i tillegg til originaltekstar.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen