Hjem

Utdanning

Masteremne

Moderne europeisk filosofi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål: Kurset skal ta føre seg nokre av dei grunnleggjande omgrepa i den moderne tenkinga gjennom lesing av ein eller flere sentrale klassiske tekstar . Kurset skal utvikle studentane sine evner til analytisk og historisk-kritisk lesing av klassike originaltekstar i den moderne filosofiske tenkning og sosial tradisjon.

Fagleg innhald: Emnet vil ta utgangspunkt i ein problematikk som vil bli studert på grunnlag av sentrale originale klassiske tekstar. Emnet vil gi studentane mulighet til fordypning i relvante filosofiske problemstillingar i modernitet. med særlig fokus på tilhøvet mellom teoriutvikling og politiske, økonomiske og sosiale problemstillingar som ei gitt samtid reiser.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap om ein eller fleire relevante problemstillingar som blir diskutert i den moderne tenkningshistoria.
  • god kjennskap til ein eller fleire originaltekstar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • tileigne seg kunnskap om omgrep i den moderne tenkinga.
  • nytte fagleg funderte metodar for å analysere dei teoretiske og konseptuelle kjernepunkta i den moderne tenkinga.
  • skrive ein resonnerande tekst.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • arbeide sjølvstendig og kommunisere om faglege tema.
  • å lese moderne filosofike klassiske tekstar på eit høgt fagleg nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL338 overlappar med FIL238 (Moderne europeisk filosofi) og overlappar 10 SP med IDH203 (Det moderne: klassiske tekstar) og IDH202 (Idéhistorie: teori og metode).

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Originallitteratur fra ulike epokar. I tillegg kjem kommentarlitteratur.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    05.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    14.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen