Hjem

Utdanning

Masteremne

Forskingsemne i epistemologi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet forsøker å formulere, klargjere og svare på dei grunnleggande og mest generelle spørsmål om kunnskap, til dømes: Kva er kunnskap? Kva betyr å rettferdiggjøre en påstand? Kva er de viktigste teoriene om rettferdiggjorelse? Er global skeptisisme noe vi bør være bekymret om? Kva seier vi når vi påstår at nokre sanningaer er nødvendige og andre berre betinga? Finnes det apriori kunnskap? Kurset er flexibelt; det kan være enten en oversikt av en del filsofiske posisjoner, eller kan det bli fokusert på ett eller to temaer ¿ f. eks. Relativisme, Contextualisme, Skeptisisme, Invariantisme, Epistemic Modals, Virtue Epistemology, Verdien av Kunnskap og Epistemologien av Forståelse (`The value of knowledge and the epistemology of understanding¿), Sosial Epistemologi, Formal Epistemologi, Rasjonalitet, eller Pragmatisme. FIL347 skal gi studentane en dyp forståelse av viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i epistemologi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å vurdere og formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor epistemologi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • god kjennskap til viktige grunnomgrep, argumenter og posisjonar i epistemologi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere sterke og svake sider ved ulike posisjonar i epistemologi
  • identifisere relevante argument og prinsipp i epistemologi (til dømes 'the closure principle')

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å lese epistemologiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
  • vidare studiar i epistemologi, t.d. på masternivå. Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL347 overlappar 10 SP med FIL247 (Epistemologi).

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Den første oppgåva skal være på 1500-2000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Den andre oppgåva er den rettleia oppgåva. Tema er sjølvvald, men må vere godkjend av faglærar på førehand. Svaret på oppgåva skal vere 2500-3000 ord. (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). I vektinga av endeleg karakter tel den første oppgåva 30% og den rettleia oppgåva 70%

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar skal supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    08.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    24.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen