Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Etikk for helsearbeidarar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFIL623
  • Talet på semester1
  • Språk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset skal gi ei generell innføring i moralfilosofi, samt ei innføring i sentrale tema innanfor biomedisinsk etikk. Andre tema omfattar etikk i forholdet mellom helsearbeidar og pasient, prioriteringsspørsmål i helsetenesta og forskingsetikk.

Målgruppe

Arbeidstakarar i helsesektoren med relevant helsefagleg utdanning og bakgrunn.

Undervisning

Undervisninga går over eitt semester i vårsemesteret og blir gitt som seminar fordelt på 4 dagssamlingar ved Universitetet i Bergen, kvar på 6 timar. Obligatorisk deltaking på minst tre av dei fire seminara.

Vurdering / eksamen

Eksamen består av ei rettleidd oppgåve på 4000 - 6000 ord. Tema for oppgåva skal vere godkjent av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mitt UiB, som ein får tilgang til ved studiestart. Studentane skal levere utkast til oppgåva før individuell rettleiing ved faglærar.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år får opptak på bakgrunn av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse. Ein tilrår elles at søkjarar har Ex.phil + relevant helsefagleg utdanning og bakgrunn.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40 / videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
55 58 23 82 / post@fof.uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs