Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Forskningsetikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFIL624
  • Talet på semester1
  • Språk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset skal gi studentane kjennskap til nokre sentrale tema innanfor forskningsetikk. Det vil også bli gitt ei generell innføring i moralfilosofi. Andre tema omfattar etikk i klinisk forsking og samfunnsvitskapleg forsking. Det vil også bli lagt vekt på etiske spørsmål i samband med ny teknologi.

Målgruppe

Arbeidstakarar i helsesektoren med samfunnsvitskapleg eller helsefagleg bakgrunn

Undervisning

Undervisninga går over eitt semester i haustsemesteret, og blir gitt forelesingar og seminar fordelt på 6 dagssamlingar ved Universitetet i Bergen, kvar på 4 timar. Obligatorisk deltaking på minst to tredelar av seminara.

Vurdering / eksamen

Eksamen består av ei rettleidd oppgåve på 4000 - 6000 ord som skal leverast i slutten av haustsemesteret. Tema for oppgåva skal vere godkjent av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mitt UiB, som ein får tilgang til ved studiestart.

Studentane skal levere utkast til oppgåva før individuell rettleiing ved faglærar.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

Ein tilrår elles at søkjarar har ex.phil. og relevant samfunnsvitskapleg eller helsefagleg utdanning og bakgrunn.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40 / videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
55 58 23 73 / post@fof.uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs