Gå til innhold
English A A A
Emne FILO350

Filosofi mastergradsoppgåve

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 60
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Mål og innhald

Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillingar.

I FIL350 skal studentane skrive ei masteroppgåve ut frå det prosjektet som dei har utarbeidd i FIL304.

Emnet er ein obligatorisk del av mastergraden. Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike artiklane heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.

Tilrådde forkunnskapar

Fullført eksamen i FIL301, FIL302, FIL303 og FIL304

Undervisning og omfang

Arbeidet med masteroppgåva er normert til 2 semester og vert normalt lagt til dei to siste semestra av studiet. Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e).

Sjå rettleiingskontrakten for masterprogrammet for antall rettleiingstimar og andre rettar og pliktar som er knytt til studiet.

Obligatoriske arbeidskrav

- Individuell rettleiing undervegs i arbeidet

- Halde eit innlegg om oppgåva i løpet av siste semester av masterstudiet.

- Deltaking på minst 2 arbeidsseminar med studentframlegg.

Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sett av Det humanistiske fakultet.

Masteroppgåva skal vere på mellom 25000 og 40000 ord. Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet.

Det vert sett ein karakter på studenten si masteroppgåve. Denne karakteren kan justerast inntil ein karakter opp eller ned gjennom ei munnleg prøve som omfattar masteroppgåva og særpensumet.

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Læremiddelomtale

I samband med masteroppgåva skal studenten leggje opp eit særpensum. Pensumlista kan, men treng ikkje, å vere identisk med litteraturlista til masteroppgåva. Særpensumet vert bestemd i samarbeid med rettleiar og skal normalt omfatte minst 1000 sider.

Studentane leverer særpensumlista samstundes som dei leverer masteroppgåva.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert med jamne mellomrom.