Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Framandspråksdidaktikk i fransk, spansk eller tysk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeFRAMDI640
  • Talet på semester1
  • Språk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset skal gi lærarar på ungdomstrinnet fordjuping i framandspråksdidaktikk innanfor følgjande hovudområde:

- Refleksjon over eigen praksis og elevane si læring
- Læringsressursar

Kurset byggjer på studentane sin eigen praksis og skal fremme kritisk tekning gjennom mellom anna analyse av eiga undervisning.

Det blir desverre ikkje oppstart av dette kurset hausten 2016.

For meir informasjon, ta kontakt med Institutt for framandspråk, tlf 55 58 23 73.

Målgruppe

Lærarar som underviser i framandspråk på ungdomstrinnet og som har minimum 30 studiepoeng i fransk, spansk eller tysk.

Undervisning

Undervisninga består av forelesningar/seminar 2 timar i veka fordelt på to kveldar i 12 veker. Seminara føreset aktiv studentdeltaking. Det meste av undervisninga er nettbasert. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum.

To obligatoriske heildagssamlingar i Bergen i løpet av kurset.
Studentane må rekne monaleg med eigeninnsats, i tillegg til aktiv deltaking i undervisninga.

For å få gå opp til eksamen skal studenten ha lagt fram eit prosjektukast og -resultat munnleg, og ha publisert og kommentert eit undervisningsopplegg på forumet. Studenten må òg ha delteke på samlingane i Bergen.

Vurdering / eksamen

Eksamen består av ei rettleidd prosjektoppgåve knytt til praksis frå eige klasserom. Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 4000 og 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal skrivast på norsk, tysk, fransk eller spansk. Oppgåva vert vurdert etter karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Krav til datautstyr

Datamaskin med oppkopling til internett og e-post. Undervisninga foregår via Adobe Connect.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Minimum 30 studiepoeng i fransk, spansk eller tysk.

Anbefalte forkunnskaper

Praksis som lærar i fransk, spansk eller tysk.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40 / videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:
Institutt for framandspråk
55 58 23 73 / evu@if.uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs