Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fransk litteratur

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i franskspråkleg litteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane vert merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidatane

  • ha kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
  • ha kunnskap om hovudlinene i fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram til vår tid
  • ha kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
  • kunna gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kunna bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
  • kunna utvikla vidare kunnskapane og dugleiken deira og forståinga av franskspråkleg litteratur gjennom vidare studium

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Studentane bør ta vår-emna FRAN101 og FRAN103 før haustemna FRAN102 og FRAN115.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva, samt ei stutt innføring i bruk av databasert læringsprogram for sjølvstudium. I tillegg til den ordinære undervisninga er det filmframsyning kvar veke.

Opp til 8 timar undervisning pr veke i 8 veker.

Ved semesterstart vert det gjeve intensiv undervisning i emnet i 2 veker, så følgjer ein undervisningspause samstundes som emnet FRAN115 gjev eit 7 vekers studieopphald i Frankrike, og deretter vert det gjeve undervisning att i 6 veker fram til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingan for å få gå opp til vurdering i emnet.

I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1500 ord). Oppgåva vert delt ut nokre veker etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag/nettet. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skriftleg skoleeksamen med ei oppgåve i litterær analyse eller om litterære problemstillingar. Ein skal svara på fransk. Eksamen kan bli digital.

Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk) ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

a) Tekstpensum
Pensumet er obligatorisk og inneheld følgjande:
Det 17. hundreåret: 1 verk
Det 18. hundreåret: 1 verk
Det 19. hundreåret: 1 roman, 2 noveller
Det 20. hundreåret: 4 romanar, 3 noveller.

I tillegg: 20 sider lyrikk frå det 19. og 20. hundreåret.
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studenten les eit stutt oversyn over fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 20. hundreåret. Ein lyt òg skaffa seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    04.12.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    20.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen