Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og fransk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Tileigning av basiskunnskap om historie og frankofoni (særleg dei språklege tilhøva i dei ulike landa) er nøye knytt til trening i å uttrykkja seg skriftleg og munnleg på fransk om desse emna.
Trening i omsetjing frå fransk til norsk skal gje studenten betre forståing av strukturen til dei to språka og auke ordtilfanget.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk og fransk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
Emnet er tredelt.
Studenten skal
1) få ei innføring i fransk historie frå ca. 1600 og fram til i dag
2) få ei innføring i den franskspråklege verda utanom Frankrike (la francophonie)
3) få trening i omsetjing frå fransk til norsk
Læringsutbyte/resultat
Tileigning av basiskunnskap om historie og frankofoni (særleg dei språklege tilhøva i dei ulike landa) er nøye knytt til trening i å uttrykkja seg skriftleg og munnleg på fransk om desse emna.
Trening i omsetjing frå fransk til norsk skal gje studenten betre forståing av strukturen til dei to språka og auke ordtilfanget.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole. Alle som skal byrja på 100-nivå i fransk, får tilbod om ein diagnostisk test som kan gje ein peikepinn om eige språkleg nivå. Ein tilrår studentane å følgja repetisjonskurset i fransk språk og språkbruk, som vert gjeve i dei to første vekene av vårsemesteret.
Undervisning og omfang
Kvar student får tilbod om 7 timar undervisning kvar veke i 10 veker:
2 t førelesing i historie
2 t førelesing i frankofoni
2 t førelesing i omsetjing frå fransk til norsk
1 t munnleg øving knytt til historie og frankofoni (gruppe)
Obligatoriske arbeidskrav
I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eitt skriftleg arbeid i omsetjing og eitt skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i historie eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er tredelt:
1) Skriftleg eksamen (2 timar) i historie eller frankofoni. Kva for ein disiplin som skal prøvast til skriftleg eksamen vert oppgjeven ei veke før eksamen.
2) Munnleg eksamen på fransk i historie eller frankofoni (den av dei to disiplinane som ikkje vart prøvd til skriftleg eksamen).
Kva for eit emne i pensum som skal prøvast vert oppgjeve om lag 20 minutt før munnleg eksamen.
3) Skriftleg skoleeksamen (2 timar) i omsetjing fransk-norsk.
Karakteren på kvar av dei tre prøvene tel 1/3 av samla emnekarakter. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
På dei skriftlege eksamensdagane kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Historie: eit oversyn over fransk historie frå 1600 til i dag, til dømes som det ein finn i Jean Carpentier og Francois Lebrun: Histoire de France, Points Seuil (om lag 200 s. tekst)
Frankofoni: utdrag frå John Kristian Sanaker, Karin Holter og Ingse Skattum: La francophonie, une introduction critique, Unipub (om lag 140 sider)
Eit presist pensumoversyn finn ein på Mi side.
Omsetjing: ikkje noko tekstpensum
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no