Gå til innhold
English A A A
Emne FRAN104-BGO

Munnleg fransk og fonetikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår og haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Vår og haust

Læringsmål

Emnet skal

(a) gje kunnskap om, og øva opp evna til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag, utifrå kunnskapar om konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve.

(b) gje studentane ein god fransk uttale, styrkja lesedugleiken deira og gjera dei i stand til å gjera greie for hovudprinsippa i fransk uttale.

Fagleg innhald

Emnet har to komponentar:

(a) Munnleg fransk (konversasjon) knytt til eit pensum i franske samfunnstilhøve.

(b) Fransk uttale (lesedugleik) knytt til eit pensum i fonetikk.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet på normert tid med godt resultat, trengst det forkunnskapar som svarar til minst B/C-språk i fransk frå vidaregåande skule med godt resultat. Alle som skal byrja på eit emne på 100-nivå i fransk, får tilbod om ein diagnostisk test. Denne testen skal gje ein peikepinn om eige språkleg nivå ved starten på faget.

Læremiddelomtale

Pensum i båe komponentane vert gjennomgått på førelesingar, og pensumlista er lagt ut på internett. I tillegg til pensum i komponent (a) er det ein føresetnad at studenten har generell kjennskap til franske kultur- og samfunnstilhøve. Dette kan ein skaffa seg t.d. ved å følgja med på fransk radio og fjernsyn, lesa franskspråklege aviser og bruka Internett.

Undervisningsmetodar

Kvart semester organiserer instituttet eit 8-vekers opphald for studentane i FRAN104 ved Det norske studiesenteret i Caen. med gjennomgang av pensum i franske samfunnstilhøve og fonetikk. Grunnkurset i fonetikk gjev dei viktigaste prinsippa for artikulasjon, lydsystem, rytme og intonasjonsmønster. Dei som ikkje kan følgja FRAN104 i Caen, bør arbeide med øvingar i fonetikk i Multimedialaben eller på eigen datamaskin.

Evaluering

Studiet vil med jamne mellomrom verta evaluert og eventuelt justert.

Vurdering / eksamensformer

Det vert arrangert eksamen i emnet kvart semester.

Munnleg eksamen knytt til pensum i franske samfunnstilhøve:

Eksamen inneheld ein samtale på grunnlag av ein ukjend tekst med emne knytt til pensum i samfunnskunnskap. Kunnskapar i emnet og den språklege dugleiken tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen. For dei som tek eksamen i Caen, vil dessutan to korte munnlege referat frå ekskursjonar i Normandie gå inn som ein del av eksamen.

Eksamen fonetikk:

Eksamen inneheld høgtlesing av ein tekst, ein kommentar til uttalen av denne teksten, og spørsmål frå det teoretiske pensumet.

Eksamen i Frankrikekunnskap tel 2/3 av samla karakter, eksamen i fonetikk 1/3.