Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Franskspråkleg litteratur frå det 20. århundre (lektorutdanninga)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Litteraturstudiet skal vidareutvikle studentanes evne til å lese og tolke litterære verk gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstene blir det lagt vekt på dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstene er knytte til fransk historie, kultur og samfunn.

Litteraturemnet gir ei innføring i et utval franskspråkleg litteratur frå det 20. hundreåret.

Læringsutbyte

Etter fullført emne ventar ein at kandidatane:

Kunnskap

har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira

har kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative og lyriske tekstar

Dugleik

kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk

kan sitera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransk litteraturhistorie

kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Grunnompetanse


FRAN106 gjev grunnlag for vidare studium i franskspråkleg litteratur og kultur.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN106 føreset basisemnet i fransk litteratur FRAN105.

Studiepoengsreduksjon

 FRAN102

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sentrale delar av pensum blir gjennomgått på førelesingar og i seminarform. Studentane arbeider dessutan (i Multimedialab eller på internett) med eit dataprogram som gir innføring i lyrikkterminologi og tekstanalyse. Ein del av undervisninga fell saman med undervisninga på FRAN102.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere pensumliste for poesiutvalet innan 1. november.

Vurderingsformer

Eksamen er en munnleg prøve knytt til pensum på om lag 20 til 30 minutt.. Kunnskapar i emnet og den språklege dugleiken tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

a) Tekstpensum:

Eit utval franskspråkleg skjønnlitterær prosa frå det 20. hundreåret. I tillegg kjem 7 sider lyrikk frå det 20. hundreåret.

www.uib.no og Mitt UiB ligger det informasjon om kva tekster som til ein kvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie:

Studenten les utdrag av ei innføring i fransk litteraturhistorie. Studentane må og sjølve skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagt opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst på internett, i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017