Gå til innhold
English A A A
Emne FRAN114

Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk og fransk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

- Kunnskapar

Etter fullført emne skal studentane (a) ha inngåande kjennskap til konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve ved det franske samfunnet i dag, (b) kjenna til hovudprinsippa i fransk uttale og (c) ha kunnskap om viktige skilnader mellom fransk og norsk setningsstruktur.

- Dugleik

Studentane skal (a) vera i stand til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag, (b) ha ei god fransk uttale og (c) vera i stand til å omsetja enklare allmennspråklege tekstar frå norsk til fransk

- Generell kompetanse

Studentane skal vera i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane dei har fått.

Dei skal vera kompetente til å arbeida med norsk-fransk omsetjing på eit høgare nivå, t.d. ved å ta FRAN201.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk og fransk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Emnet har tre komponentar:

(a) Munnleg fransk (konversasjon) knytt til eit pensum i franske samfunnstilhøve

(b) Fransk uttale (lesedugleik) knytt til eit pensum i fonetikk

(c) Omsetjing norsk-fransk

Emnet skal (a) øva opp evna til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag

(b) gje studentane ei god fransk uttale, styrkja lesedugleiken deira og gjera dei i stand til å gjera greie for hovudprinsippa i fransk uttale

(c) Læra studentane å omsetja frå norsk til fransk enklare tekstar tekne frå til dømes aviser og skjønnlitteratur. Gjera studentane vane med bruk av eittspråklege og tospråklege ordbøker i omsetjingsarbeidet.

Læringsutbyte/resultat

- Kunnskapar

Etter fullført emne skal studentane (a) ha inngåande kjennskap til konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve ved det franske samfunnet i dag, (b) kjenna til hovudprinsippa i fransk uttale og (c) ha kunnskap om viktige skilnader mellom fransk og norsk setningsstruktur.

- Dugleik

Studentane skal (a) vera i stand til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag, (b) ha ei god fransk uttale og (c) vera i stand til å omsetja enklare allmennspråklege tekstar frå norsk til fransk

- Generell kompetanse

Studentane skal vera i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane dei har fått.

Dei skal vera kompetente til å arbeida med norsk-fransk omsetjing på eit høgare nivå, t.d. ved å ta FRAN201.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før dei tek til med haustemna FRAN102 og FRAN114.

Undervisning og omfang

Kvar haust organiserer instituttet eit 7-vekers opphald for studentane i FRAN114 ved Det norske studiesenteret i Caen, med gjennomgang av pensum i franske samfunnstilhøve og fonetikk. Grunnkurset i fonetikk gjev dei viktigaste prinsippa for artikulasjon, lydsystem, rytme og intonasjonsmønster. For dei som ikkje kan følgja FRAN114 i Caen blir det gitt om lag 12 førelesingstimar i samfunnskunnskap og 12 førelesingstimar i fonetikk i løpet av dei 7 vekene dei andre studentane er i Caen. Samstundes blir det gitt om lag 6 timar praktiske øvingar i gruppe. For alle studentane blir det gitt om lag 28 førelesingstimar i omsetjing norsk-fransk i perioden før og etter 7-vekers-opphaldet.

Studentane vil også kunna arbeida på eiga hand med omsetjingar i Multimedialaben eller på internett.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane må levera inn og få godkjent to omsetjingsoppgåver i undervisningssemesteret før dei kan gå opp til munnleg og skriftleg eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Munnleg eksamen knytt til pensum i franske samfunnstilhøve og i fonetikk. Eksamen inneheld ei samtale på grunnlag av ein ukjend tekst med emne knytt til pensum i samfunnskunnskap. Kandidatane får teksten om lag 30 minutt før eksamen. Emnekunnskap og språkleg dugleik tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen.

Eksamen inneheld òg høgtlesing av ein tekst der studenten må kommentera uttala, og spørsmål frå det teoretiske pensumet i fonetikk.

2) Skriftleg eksamen (3 timar) i omsetjing norsk-fransk. Ein kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet

Munnleg og skriftleg eksamen tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

I tillegg til pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk er det ein føresetnad at studenten har generell kjennskap til fransk kultur og samfunn. Dette kan ein skaffa seg t.d. ved å følgja med på fransk radio og fjernsyn, lesa franskspråklege aviser og bruka internett.

Omsetjing norsk-fransk er ikkje knytt til eit særskilt pensum, men eit oversyn over ordbøker finst på internett. Der finst òg eit oversyn over pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk og uttale.

Ein finn informasjon om pensum på Mi Side.

Undervisningssted

Bergen og Caen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no