Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i fransk grammatikk, tekstlingvistikk og omsetjing

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRAN201
  • Talet på semester1
  • Språk Fransk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet inneheld eit pensum i grammatikk og tekstlingvistikk på om lag 200 - 250 sider henta frå ei moderne lærebok skriven på fransk, i motsetnad til læreboka på 100-nivå som er kontrastiv og skriven på eit skandinavisk språk. Omsetjing frå norsk til fransk og frå fransk til norsk utgjer òg ein viktig del av dette emnet.

Arbeidet både med grammatikk og tekstlingvistikk og med omsetjing har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk. Ikkje minst er omsetjingsdisiplinen viktig for å nå fram til større forståing av dei ulike strukturane i dei to språka. Dugleik i omsetjing så vel frå norsk til fransk som frå fransk til norsk er ein viktig kvalifikasjon når ein skal bruka franskstudiet i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal kandidaten:

- ha djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse,

- ha større kunnskap om fransk språkstruktur og -tekst.

- vera i stand til å reflektera kritisk rundt språkvitskaplege analysar av språket.

- kunna nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar.

- kunna uttrykkja seg skriftleg på fransk og vera i stand til å skriva resonnerande tekstar på fransk.

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar.

- ha kunnskap om kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

- kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN201 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer vidare på FRAN101 og FRAN103.

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Størstedelen av pensum vert gjennomgått på førelesingar, ein dobbelttime i veka over om lag 12 veker. Studentane bør levera inn skriftlege svar gjennom heile semestret. Studentane bør dessutan arbeida med øvingar i omsetjing i Multimedialaben eller på eigen datamaskin/internett. Det vil verta gjeve undervisning i omsetjing norsk-fransk og fransk-norsk gjennom heile semestret, om lag 6 dobbelttimar fransk-norsk og 6 dobbelttimar norsk-fransk. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 18 av 24 førelesingar/øvingar (75%) for å få gå opp til vurdering i emnet.

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk og to omsetjingsoppgåver (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Ein 3 timars skoleeksamen i omsetjing frå fransk til norsk og frå norsk til fransk. Eksamen kan bli digital.

2) Ein 3 timars skoleeksamen i grammatikk og tekstlingvistikk der ein skal svara på fransk. Eksamen kan bli digital.

På begge eksamensdagane kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok godkjend av instituttet.

Prøva i omsetjing og grammatikkprøva tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er henta frå eit moderne franskspråkleg grammatikkverk. På den elektroniske emnesida (Mitt UiB) ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: To skriftlege skoleeksamenar

    Trekkfrist
    25.09.2017
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (omsetjing)

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (grammatikk)

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen