Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Omsetjing frå fransk til norsk og frå norsk til fransk

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFRAN212
  • Talet på semester1
  • Språk Fransk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 Emnet inneheld to komponentar:

- Omsetjing frå norsk til fransk

- Omsetjing frå fransk til norsk

 Arbeidet med omsetjing har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk. Omsetjingsdisiplinen skal dessutan bidra til ei betre forståing av dei ulike strukturane i dei to språka. Dugleik i omsetjing så vel frå norsk til fransk som frå fransk til norsk er ein viktig kvalifikasjon når ein skal bruka franskstudiet i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

 Ved fullført emne skal kandidaten:

- ha større kunnskap om fransk språkstruktur.

- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar.

- ha større kunnskap om kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

- kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN202 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer vidare på FRAN101 og FRAN103.

Studiepoengsreduksjon

 FRAN201 (5 stp)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I vårsemesteret følgjer undervisninga i FRAN202 undervisninga i omsetjingsdelen av FRAN201: om lag seks dobbelttimar fransk-norsk og om lag seks dobbelttimar norsk-fransk. I haustsemesteret vert det kun gjeve tilbod om rettleiing i samband med dei obligatoriske arbeidskrava. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 9 av 12 førelesingar/øvingar (75%) for å få gå opp til vurdering i emnet.

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent to av omsetjingsoppgåvene (ein norsk-fransk og ein fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei 3 timars skoleeksamen i omsetjing frå fransk til norsk og frå norsk til fransk.

På eksamensdagen kan studentane nytta fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Omsetjing frå norsk til fransk og frå fransk til norsk er ikkje knytt til eit fast pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Varigheit
    3 timer