Gå til innhold
English A A A
Emne FRAN302

Grammatikk, omsetjing og middelalderfransk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk, kjenna hovudlinene i mellomalderfransk syntaks og leksikon, og ha ei viss innsikt i morfologien. Dei skal dessutan ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

Studentane skal vera i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk. Dei skal kunna omsetja, frå fransk til norsk og frå norsk til fransk, autentiske tekstar innan ulike sjangrar. Dei skal òg kunna omsetja pensumtekstar frå mellomalderfransk til moderne fransk og gjera greie for dei viktigaste skilnadene.

Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk og mellomalderfransk.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet inneheld følgjande komponentar:

- Fransk grammatikk

- Omsetjing norsk-fransk/fransk-norsk

- Mellomalderfransk

Arbeidet med omsetjing og grammatikk skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.

Studiet av tekstar skrivne på mellomalderfransk skal gje ei innføring i grunnlaget for framveksten av fransk språk og litteratur.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk, kjenna hovudlinene i mellomalderfransk syntaks og leksikon, og ha ei viss innsikt i morfologien. Dei skal dessutan ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

Studentane skal vera i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk. Dei skal kunna omsetja, frå fransk til norsk og frå norsk til fransk, autentiske tekstar innan ulike sjangrar. Dei skal òg kunna omsetja pensumtekstar frå mellomalderfransk til moderne fransk og gjera greie for dei viktigaste skilnadene.

Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk og mellomalderfransk.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

Det blir gjeve forelesingar og seminar i grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk. Ein dobbelttime per veke i kvar disiplin om lag 10 veker.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent to av omsetjingsoppgåvene (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.

Vurderingsformer

Eksamen er tredelt:

1) Ei skriftleg prøve i grammatikk (tre timar)

2) Ei skriftleg prøve i omsetjing (tre timar)

På skriftleg eksamen kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk- norsk) ordbok godkjend av instituttet.

3) Ei munnleg prøve i mellomalderfransk.

Det blir gjeve karakter A-F på dei tre prøvene, og kvar del tel 1/3 av samla karakter.

Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Grammatikk: ca. 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.

Mellomalderfransk: Språkleg og litterært studium av eit stuttare litterært verk eller av eit utdrag på ca. 800 (vers)liner frå eit lengre verk frå fransk mellomalder.

Omsetjing frå norsk til fransk og frå fransk til norsk er ikkje knytt til fast pensum.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no