Hjem

Utdanning

Masteremne

Språkleg særemne

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg problemstilling som kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk.  

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført språkleg emne har studenten god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet.

Dugleik

Etter fullført emne er studenten i stand til å gje undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

Ved fullført emne har studenten overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.

Studenten kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid.

Han/ho kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

 Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i seminarform, om lag 12 dobbelttimar i semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.


I samband med eksamen skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i eit påfølgande semester etter undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

 Eksamen vert arrangert på slutten av emneseminaret. Eksamensform:

- ANTEN ei tre vekers skriftleg semesteroppgåve på om lag 4000 ord, med obligatorisk rettleiing.

-ELLER eit 20 minutts føredrag med ei vekes førebuing og rettleiingsmøte.

Studentane vel kva for ei eksamensform dei skal nytte i samband med oppmelding til emnet i Studentweb innan 1. september.

Dersom studenten vel skriftleg vurderingsform for FRAN307, må ein velje munnleg vurderingsform for FRAN308 og vice versa. I løpet av masterstudiet skal studentane ha prøvd båe eksamensformer.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider. Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum. 

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Foredrag

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    11.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen