Hjem

Utdanning

Masteremne

Språkleg særemne

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg problemstilling som kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

  • Etter fullført språkleg emne har studenten god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet.

Dugleik

  • Etter fullført emne er studenten i stand til å gje undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

  • Ved fullført emne har studenten overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.
  • Studenten kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid.
  • Han/ho kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

 Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for FRAN307L redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN307.

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanning med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gjeven i seminarform, om lag 12 dobbelttimar i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med eksamen skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Det munnlege innlegget og manuskriptet til innlegget er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret. Rettleiing på heimeeksamen er berre gyldig i undervisningssemesteret. Det vert gitt ny rettleiing i det undervisningsfrie semesteret om nokon melder seg til vurdering.

Vurderingsformer

 7-dagars heimeeksamen på om lag 2000 ord, med obligatorisk rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 120 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    27.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen