Hjem

Utdanning

Masteremne

Litterært særemne

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Målet med emnet er ei fordjuping i ei litterær problemstilling som kan vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført litterært emne har studenten god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur og litteraturteori som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet.

Dugleik

Etter fullført emne er studenten i stand til å gje undervisning og driva forsking og anna fagleg utviklingsarbeid på internasjonalt nivå som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

Ved fullført emne har studenten oversyn over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.

Tilrådde forkunnskapar

 Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i seminarform, om lag 12 dobbelttimar i semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med eksamen skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i eit påfølgande semester etter undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Eksamen vert arrangert på slutten av emneseminaret. Eksamensform:

- ANTEN ei tre vekers skriftleg semesteroppgåve på om lag 4000 ord, med obligatorisk rettleiing.

-ELLER eit 20 minutts føredrag med ei vekes førebuing.

Studentane vel kva for ei eksamensform dei skal nytte i samband med oppmelding til emnet i Studentweb innan 1. februar.

Dersom studenten vel skriftleg vurderingsform for FRAN307, må ein velje munnleg vurderingsform for FRAN308 og vice versa. I løpet av masterstudiet skal studentane ha prøvd båe eksamensformer. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Litteraturliste

 Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 100 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Foredrag

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    16.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen