Hjem

Utdanning

Masteremne

Grammatikk og omsetjing/omsetjingsteori

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet inneheld følgjande komponentar:

- Fransk grammatikk

- Omsetjing norsk-fransk/fransk-norsk

- Omsetjingsteori

Arbeidet med grammatikk, omsetjingsteori og praktiske omsetjingsøvingar skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk og til nokre sentrale omsetjingsteoriar
  • har innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk

Dugleik

Studenten

  • er i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
  • kan omsetja, frå fransk til norsk og frå norsk til fransk, autentiske tekstar innan ulike sjangrar
  • kan diskutera ulike teoriar i samband med omsetjingane

Generell kompetanse

Studenten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk og omsetjing på ein vitskapeleg måte

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN302, FRAN310, FRAN309L og FRAN311 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN309.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogramma i fransk ved Universitetet i Bergen og ved NTNU

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve førelesingar og seminar i grammatikk og i omsetjingsteori, ein dobbelttime per veke i kvar disiplin i om lag 12 veker.

I det vesentlege nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane;

  1. få godkjent to av omsetjingsoppgåvene (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk, med reflekterande kommentarar) som er blitt gjevne i samband med undervisninga.
  2. få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk som blir gitt i samband med undervisninga.
  3. delta på eit seminar om vitskapleg kjeldebruk, i samband med grammatikkdelen av rettleid oppgåve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei tre vekers rettleidoppgåve med oppgitt tema:

Oppgåva omfattar to disiplinar: Grammatikk på om lag 2000 ord og omsetjing på om lag 2000 ord.

Det blir gjeve karakter A-F. Kvar disiplin tel 1/2 av samla karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Grammatikk: ca. 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk. I tillegg skal studentane sjølve finne ein til to artiklar som dei skal sitere i eksamensoppgåva i grammatikk. Ca. 100 sider omsetjingsteori.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    28.05.2018, 13:00
    Trekkfrist
    18.04.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen