Hjem

Utdanning

Masteremne

Grammatikk og litteratur

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet inneheld følgjande komponentar:

- Fransk grammatikk

- Fransk litteratur

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Studenten

- har større innsikt i moderne fransk språk og har dessutan kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk.

- har større innsikt i problemstillingar knytte til litteratur og litteraturteori som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet.

Studentane er i stand til

-å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk

- å gjera greie for nyare forsking på fransk litteratur og litteraturteori.

Studentane har, etter fullført emne, eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk og litteratur.

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

FRAN306 (10 stp)), FRAN309 (10 stp) og FRAN310 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er kun ope for studentar som ikkje har norsk som morsmål, med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir gjeve førelesingar og seminar i grammatikk og litteratur. Ein dobbelttime per veke eller tilsvarande i kvar av dei to disiplinane i 12 veker.

Litteraturførelesingane er felles med FRAN308.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane:

1) få godkjent ei obligatorisk oppgåve i litteratur som er blitt gjeven i samband med undervisninga.

2) ha eit rettleiingsmøte med førelesar i grammatikk, i samband med heimeeksamenen.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Ein skriftleg heimeeksamen i grammatikk på om lag 2000 ord (ei veke).

2) Ein skriftleg heimeeksamen ilitteratur. Kandidaten får ei veke på oppgåva, som skal vera på fransk og på om lag 2000 ord.

Det blir gjeve karakter A-F på dei to vurderingsdelane, og kvar del tel 1/2 av samla karakter.

Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Litteraturliste

Grammatikk: om lag 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.

Fransklitteratur: Pensum på emnet er tematisk knytt til pensum på FRAN308, men dei studentane som tek begge emna må leggja opp andre verk enn dei som ein nyttar på FRAN308.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistisk fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: To heimeeksamenar

    Trekkfrist
    08.09.2017
    • Eksamensdel: Heimeeksamen (grammatikk)

      Innleveringsfrist
      13.10.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Heimeeksamen (litteratur)

      Innleveringsfrist
      29.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen