Hjem

Utdanning

Masteremne

Fransk mastergradsoppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei prøve i vitskapeleg arbeid innafor dei disiplinane franskfaget omfattar (lingvistikk, litteratur, kultur, fagdidaktikk). Masteroppgåva skal dokumentera evna hjå kandidaten til å arbeida sjølvstendig, langsiktig og systematisk med ei avgrensa problemstilling innanfor presise, faglege rammer. Oppgåva vert skriven på fransk og vil normalt vere på mellom 70 og 100 sider. Ein vel emne for masteroppgåva i samråd med faglærarar i byrjinga av det andre semesteret. Masterstudenten får ein rettleiar på grunnlag av innsend prosjektskisse. Alle masterstudentar har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Læringsutbyte

Ved fullført mastergrad skal kandidaten

  • ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
  • kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
  • kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kjenna normene for akademisk skriving
  • kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
  • sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kunna uttrykkja på fransk munnleg og skriftleg faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kjenna til relevante kommunikative sjangrar
  • kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

Overlapp med FRAN301 (om lag 10 studiepoeng)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert gitt opptil 30 timar rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing.

Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med tildelt rettleiar. Tildeling av rettleiar(ar) skjer i det første semesteret, eller seinast i løpet av det andre semesteret av masterstudiet.

Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halda og få godkjent to innlegg på det prosjektførebuande seminaret: eitt innlegg der dei presenterar prosjektet sitt og eitt innlegg der dei kommenterar ein av dei andre studentane sine prosjekt. Presentasjonen av eige prosjekt skal innehalda komponentar om problemstilling, materiale, metode og bibliografi. Førebuinga av presentasjonen av eige prosjekt skal gjerast i samråd med rettleiar. Presentasjonen skal sendast elektronisk til emneansvarleg minst fire dagar før framlegging.

Vurderingsformer

Ei masteroppgåve på 70-100 sider, skriven på fransk. Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter.

Alle emna i kursdelen skal som ein hovudregel vera fullførte før ein leverer masteroppgåva.

Studentar har høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag dersom oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Kandidaten må da

¿ presentere og gi svar på nye problemstillingar, og/eller

¿ trekke inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller

¿ gjere ein radikalt endra analyse og tolking av empirien

I søknaden må studenten gjere greie for endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva. Instituttet avgjer søknadar om innlevering for andre gong.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum blir sett opp av lærarane som underviser på emnet og vil kunne variera noko frå semester til semester. Det vil bli gitt ei fullstendig pensumoversikt ved semesterstart.

Pensumomfang i språk- og litteraturvitskapelege teoriar: 350 sider

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.11.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve