Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i fransk i lektorutdanninga 3

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

 Haustsemesteret, 7. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet fransk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

  • Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
  • Tilrettelegging for læring

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten

  • ha innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag
  • ha kunnskap om språk, tekst og sjanger og kunne sjå desse i eit læringsperspektiv
  • kunne lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i franskfaget
  • kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

 Minimum 55 studiepoeng i fransk på 100-nivå

inkludert 5 studiepoeng fransk fagdidaktikk. 90 studiepoeng i fag I inkludert 10 studiepoeng fagdidaktikk.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet

t

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar, seminar og rettleiing.

To timar i veka i 8-12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori. Oppgåva skal skrivast på fransk eller norsk.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein heimeeksamen (7 dagar) på om lag 2500 ord over eit oppgitt emne.

Retningsliner for heimeeksamen vert gitt i studiet.

Oppgåva skal skrivast på fransk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 350 sider.

I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    04.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    13.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen