Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fagdidaktikk i fransk i lektorutdanninga 2

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRANDI201
  • Talet på semester1
  • Språk Fransk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vårsemesteret, 6. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tar faget som fag I.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet fransk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

  • Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
  • Tekstforståing og læringsprosessar

Læringsutbyte

 Etter fullført emne skal kandidaten

- ha innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag

- ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep

- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon

- kunne bruke dei tilegna omgrepa i analyse av læringsprosessar i franskfaget

- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Minimum 60 studiepoeng i fransk på 100-nivå inkludert 5 studiepoeng fransk fagdidaktikk.

Krav til studierett

 Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar, seminar og rettleiing.

2 timar per veke i 8 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg på fransk (ca 10 minutt) knytt til mappetekstane, pensum og praksis. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ei vurderingsmappe med to tekstar på til saman om lag 2500 ord, ikkje medrekna innhaldsliste, litteratur og vedlegg. Tekstane skal skrivast på fransk. Dei to tekstane i vurderingsmappa tel båe 50% av samla karakter.

Oppgåva skal skrivast på fransk.

Vurderinga skjer på grunnlag av retningsliner for oppgåvene vert gitt i studiet.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

 Pensum utgjer omlag 350 sider.

I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

 studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    29.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    15.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen