Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i fransk for integrert lektorutdanning 3

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRANDI301
  • Talet på semester1
  • Språk

    Fransk og norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med fransk som fag 1

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

  • Strategiar for språkkompetanse
  • Tilrettelegging for fransklæring
  • Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Studentane skal:

  • ha kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i fransk,
  • undersøka og drøfta fransklæring i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentera refleksjon over dette skriftleg og munnleg,
  • rettleia elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling, og kunna vurdera elevane sitt læringsutbytte,
  • vurdera læremiddel og arbeidsformer i franskfaget i relasjon til læreplanen for skolefaget, og kunna grunngje val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori,
  • kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i fransk som fag I; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt, og består av både førelesningar, seminar og rettleiing. Det vert normalt gjeve 2-4 timar undervisning i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studentane

  • ha tatt aktivt del i to forumdiskusjonar på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksisrøynsler og språksyn.
  • ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva innan ein dato som vert kunngjort ved semesterstart.

Vurderingsformer

 Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve på om lag 4000 ord, der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Prosjektoppgåva kan danna utgangspunkt for masteroppgåva.

Oppgåva vert skriven på fransk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 700 sider.

Institutt for framandspråk føreslår spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd praksisoppgåve

    Innleveringsfrist
    29.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    15.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen