Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Seminar i klinisk og translasjonell

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Kursinnhold

 

Seminara skal legge til rette for vitskapeleg samspel og etablere nettverk mellom ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen i klinisk medisin. Klinisk institutt 1(K1) og Klinisk institutt 2 (K2) inneheld mange ulike fagfelt, og seminara vil kunne føre til meir samarbeid og gi kandidatane eit nettverk som dei vil ha glede av i si vidare karriere.

 

Seminara skal vere ein arena der ph.d.-kandidatar får erfaring med munnlege presentasjonar, faglege diskusjonar og vitskapeleg tenking. Deltakarane skal kunne utveksle kliniske forskingsmetodar, teknisk ekspertise og erfaring som blir brukt i klinisk og translasjonell forsking, med formål om å betre den vitskapelege kvaliteten for alle.

 

Seminara blir arrangert tre gonger i semesteret. Kvart seminar vil innehalde to presentasjonar på ca. 30 minutt frå to ph.d.-kandidatar. Seminara blir leia av ein seminarleiar, og kvar presentasjon vert følgd av ein diskusjon med tilbakemeldingar og innspel frå både seminarleiar og dei andre deltakarane.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:

Kunnskap:

  • Gjennomføre ein vitskapeleg presentasjon (om eigne metodar og problemstillingar)
  • Forklare ny kunnskap utvunne frå eige prosjektarbeid

Ferdigheiter:

  • Legge fram, forklare og drøfte dei viktigaste og mest sentrale funna frå eige forskingsarbeid
  • Kunne handtere komplekse spørsmål i faglege diskusjonar
  • Gi og ta imot fagleg kritikk.

Generell kompetanse:

  • Ha ein forståing av ulike metodar som blir brukt innan ulike forskingsfelt, deira bruksområde, avgrensingar og fortrinn.
  • Utveksle metodar, teknisk ekspertise og erfaring som blir brukt i klinisk forsking, med sikte på å betre den generelle vitskapelege kvaliteten
  • Delta i vitskapeleg samspel mellom forskarar innan medisinsk forsking

Undervisningsperiode

Vår og haust

Studiepoeng

1 studiepoeng (25-30 timars studentarbeidstid)

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via StudentWeb innan 1. februar/1. september.

Krav til forkunnskapar

Kvalifisert for å være ph.d.- kandidat i medisin eller helsefag.

Inngår i opplæringsdel

Kurs til ph.d.-graden, tilrådd for kandidatar med kliniske prosjekt. Kurset er knytt til Forskarskolen i klinisk medisin

Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten

  • Førebu seg til, og delta aktivt på minimum 3 seminar over to semester (oppmøte blir registrert)
  • gi ein munnleg presentasjon av eiga forsking på eit av seminara
  • gi tilbakemelding til andre kandidatar på deira presentasjonar.

Vurdering av presentasjonen og vert gjort av seminarleiar og kursansvarleg i fellesskap.

Følgjande karakterskala blir brukt:

Bestått / Ikkje bestått

Kven kan delta

Ph.d.-kandidatar, postdoktorar og studentar ved forskarlina.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Emnet går over to påfølgande semester, med samlingar annankvar månad.

Eit seminar strekk seg over ein time, og inneheld to presentasjonar med diskusjonar og tilbakemeldingar.

Kvar deltakar skal førebu og halde ein presentasjon om eigne metodar og problemstillingar.

Alle deltakarane skal også lage eit resymé (ca. 350 ord) av presentasjonen for distribusjon til dei andre deltakarane ei veke i forkant av seminaret. Resymeet må sendas kursansvarleg for godkjenning i forkant av distribusjon.

Kvar deltakar vil få tildelt ein presentasjon som dei vil få eit spesielt ansvar for å gi tilbakemelding på. I tillegg er det forventa at alle deltakarane set seg inn i dei aktuelle problemstillingane (resymea) i forkant av seminara.

Program

Høsten 2017 blir det Nettverkslunsj/seminar på BB-bygget kl 11.30-13.00, på disse datoene:

  • Onsdag 20.9.2017
  • Tirsdag 24.10.2017
  • Torsdag 21.11.2017

Samla arbeidsmengde:

  • Førebuing til eigen presentasjon (24 timar).
  • Førebuing til seminar (6 timar).
  • Deltaking på minimum 3 seminar (6 timar).

36 timar totalt.

Kontaktinformasjon

Solveig Lund Witsø (Solveig.Witso@uib.no)

Fagleg ansvar

Stefan Johansson, Forskarskolen i klinisk medisin

Innleiarar

Seminarleiar vil starte og leie seminara

Kjernelitteratur

abstrakt/resymé

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Muntleg

    Trekkfrist
    01.09.2017

Undervisningsperiode

Vår og haust