Hjem

Utdanning

Masteremne

Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Rørslevitskap.

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFYST332
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal kunne gjere greie for teoriar og modellar for motorisk utvikling, læring og kontroll av rørsle, og kunne bruke denne kunnskapen ved funksjonsanalyse og tilrettelegging av tiltak for å fremje funksjonsevne, med vekt på gange og balanse.

Innhald:

Rørslevitskap omfattar forskingsbasert kunnskap om utvikling, læring og kontroll av rørsle. Dette er eit fleirfagleg forskingsområde og omfattar funksjonell anatomi, biomekanikk, nevro- og muskelfysiologi, samt psykologiske, pedagogiske og kulturelle aspekt ved rørsle. I dette emnet vert teorigrunnlaget knytt til klinisk praksis med fokus på balanse, gange, mobilitet og finmotoriske ferdigheiter. Rørsler vert forstått som resultat av eit samspel mellom person, oppgåve og omgjevnader.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne gjere greie for

  • omgrep og teoriar om utvikling, læring og kontroll av rørsle i eit livsløpperspektiv
  • proaktive og reaktive kontrollstrategiar og forhold som bidrar til kontroll av balanse og gangfunksjon.
  • aktuelle metodar for analyse av balanse og gangfunksjon

Studenten skal kritisk kunne drøfte

  • implikasjonar av ulike teoriar innan rørslevitskap for fysioterapipraksis
  • studiar som omhandlar motoriske ferdigheiter i eit helseperspektiv med særleg vekt på balanse og gangfunksjon

Studenten skal sjølv kunne velja klinisk brukbare metodar og utføre avgrensa studiar for vurdering av balanse og gangfunksjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar

Studentpresentasjonar av vitskaplege artiklar

Laboratoriekurs i metodar for vurdering av balanse og gangfunksjon

Seminar med tema knytt til skriftlege oppgåver

Medstudent- og rettleiarkommentar til skriftlege oppgåver.

Tre undervisningssamlingar, á 2-3 dagar

1-2 veker (7 dagar)

40 - 45 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få godkjent emnet må alle obligatoriske oppgåver vere gjennomført

Min. 80% frammøte på forelesingar og seminar, samt aktiv deltaking i gruppearbeid

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på skriftlege oppgåver

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vert oppgitt litteratur på Mitt UiB som skal danne utgangspunkt for læringsaktiviteten til studentane

 

Institutt

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

studie@igs.uib.no

Tel: 55586100

 

Emneansvarlig:

Mona Kristin Aaslund, Institutt for samfunnsmedisinske fag  

http://www.uib.no/personer/Mona.Kristin.Aaslund