Masteroppgave i fysioterapivitenskap

Fakta om studiet

EmnekodeFYSTD395
Studiepoeng60
UndervisingssemesterHøst
Antall semester4
Undervisingsspråk
Norsk. Oppgåva kan etter avtale skrivast på engelsk.
Ressursar
TilhørerInstitutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@isf.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Liv Inger Strand

liv.strand@isf.uib.no

Mål og innhald

Overordna mål:

Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og til produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, samt bruk av relevant teori. Det er og eit mål å fremje evna til sjølvstendig og kritisk tenking i tolking av funn og forskingsetisk godt funderte val.

Innhald:

Gjennom masteroppgåva vert teori og empiri integrert, og problemstillingar knytt til praktiske og/eller teoretiske forhold av relevans for eige fagfelt skal studerast på ein vitskapleg måte.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Oppgåva skal skrivast individuelt i siste studieår (heiltid) eller i dei to siste studieåra (deltid), og tilsvarer 60 studiepoeng.

Studenten har rett til totalt 40 timar med rettleiing individuelt og i gruppe, der deler av dette kan vere IKT - basert. I tillegg kjem kurs i søking etter litteratur, kjeldebruk og kjeldevising samt i forskingsetikk knytt til kjeldebruk m. v.

Undervisningssemester

Det vert arbeidd med forskingsdesignoppgåver i emnet Forskingsmetode og -etikk i første semester. Dette er ein god start på utvikling av aktuelle problemstillingar og forskingsdesign for masteroppgåver, og med aktiv bruk av kunnskap om forskingsmetodar og metodologi.

For heiltidsstudentar skal prosjektplan for masteroppgåve godkjennast i andre semester, for deltidsstudentar i fjerde semester.

Masteroppgåva vert gjennomført i tredje og fjerde semester for heiltidsstudentar, i femte til åttande semester for deltidsstudentar, og svarer til 60 sp.

Læringsutbyte

Gjennom masteroppgåva skal studentane syne vitskapsbaserte og metodiske resonnement ved studier av relevans for eige fagfelt, aktivt bruke vitskapeleg basert litteratur og vise eit solid kritisk analytisk refleksjonsnivå.

Det vert forventa at studenten gjennom oppgåva

  • viser inngåande kunnskap om det valde faglege temaområdet og fagleg innsikt
  • viser sjølvstende i bruk av vitskapleg basert litteratur, inkludert ved val av relevante teoriperspektiv, og med adekvat kjeldebruk
  • viser eit solid refleksjonsnivå med tanke på relevante metodologiske og teoretiske forhold
  • viser adekvat bruk av vitskapleg teori, metodar og analyseformer
  • viser kritisk analytisk tenking i tolking av kunnskap/resultat som oppgåva har brakt fram
  • viser evne til skriftleg framstilling, struktur og logisk oppbygging som følgjer den type akademisk tekst som masteroppgåva er
  • viser eit solid refleksjonsnivå med tanke på relevante forskingsetiske forhold og val

Læremiddelomtale

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danne utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane og som kan nyttast i arbeidet med oppgåva, i både fagspesifikke emne og i forskingsmetodeemnet. Studentane må i tillegg søke opp relevant litteratur til bruk i oppgåva, dels i samråd med rettleiar.

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Oppgåva vert forsvart i ein munnleg eksamen. Intern og ekstern sensor

Emneevaluering

Studentane svarer på eit skriftleg skjema for evaluering av arbeidsprosessen med oppgåva, etter at oppgåva er levert inn, avsluttande, munnleg eksamen er avslutta og karakter er sett.