Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen. Vert tilrådd ved sida av (i tillegg til) ex.phil. og SV100 - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar.
Læringsutbyte
Studenten skal gjennom kurset ha tileigna seg innsikt og perspektiv på dei sentrale delane av geografifaget. Dei skal gjennom undervisning og feltkurs særleg ha fått kunnskap om samspelet mellom menneske og natur i eit historisk og eit framtidsretta perspektiv. Vidare vil studenten vere i stand til å vurdere samanhengane mellom naturressursar og samfunnsutvikling langs fleire tidssakser. Faget skal ha gitt så mykje innsikt i faget sine ulike disiplinar at studentane skal kunne ha føresetnader for å velje kva for ei retning dei ønskjer å gå vidare med.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
studieveileder@geog.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Mål og innhald
Geografi har rolle som brubyggjar mellom samfunns- og naturvitskap. Emnet gir kunnskap om sosiale, økonomiske, politiske, miljømessige og naturgitte globale prosessar som skapar ulikskapar mellom enkelte deler av verda. I eit feltkurs på Vestlandet lærer vi korleis dei globale prosessane blir møtt med stadeigne, lokale svar.
Grunnboka set stader og regionar inn i ei global samfunnsutvikling med fokus på økonomiske, politiske og kulturelle skilnader. To kompendium skrivne for emnet gir oversikt over breidda i geografifaget og grunnlag for å forstå samspelet mellom menneske, natur og globale påverknader på den staden vi studerer på feltkurset. Emnet eignar seg ikkje berre som innleiing til geografi, men også for dei som er opptekne av utviklingsstudiar, Europastudiar eller miljøspørsmål.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal gjennom kurset ha tileigna seg innsikt og perspektiv på dei sentrale delane av geografifaget. Dei skal gjennom undervisning og feltkurs særleg ha fått kunnskap om samspelet mellom menneske og natur i eit historisk og eit framtidsretta perspektiv. Vidare vil studenten vere i stand til å vurdere samanhengane mellom naturressursar og samfunnsutvikling langs fleire tidssakser. Faget skal ha gitt så mykje innsikt i faget sine ulike disiplinar at studentane skal kunne ha føresetnader for å velje kva for ei retning dei ønskjer å gå vidare med.
Krav til forkunnskapar
Ingen. Vert tilrådd ved sida av (i tillegg til) ex.phil. og SV100 - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar.
Undervisning og omfang
2 førelesingar á 2 timer pr. veke.
Totalt 16-18 førelesingar
1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 7-8 seminar
1 heildagsseminar
Feltkurs 2-3 dagar (talet på dagar avheng av reiseavstand)
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjend rapport frå feltkurs
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 4 timer
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO100 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
studieveileder@geog.uib.no