Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kartografi og tematiske kart

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi teoretisk, empirisk og praktisk erfaring i kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart.

Emnet skal formidle forståing for alle steg av den kartografiske prosessen, frå innsamling av data til ferdig produsert kart. Prinsippa for korleis vi målar og modellerer den tredimensjonale jordoverflata og representerer den på to-dimensjonale kart står sentralt. Emnet formidlar også forståing av etiske omsyn og maktperspektiv knytt til framstilling og bruk av kart.

Teoretisk tilnærming omfattar også omgrep som romlig organisering og omorganisering av territorium som t.d. nasjonalstatar eller regionar. Kurset gir dessutan ein oversikt over ei rekkje regionale inndelingar (administrative eller statistiske) som brukast til innsamling, omarbeiding og presentasjon av data i norsk offisiell statistikk.

Emnet går gjennom sentrale omgrep knytt til modellering og representasjon av jordoverflata, som datum, koordinatsystem, projeksjonar og skala. Der det er relevant blir kartografiske omgrep sett i eit historisk perspektiv. Omgrepet geografiske data blir definert og eksemplifisert og datafangst blir presentert med spesielt fokus på globale navigasjonssystem, ulike fjernmålingsteknikkar og innhenting av geografiske data frå digitale kartdatabaser. I samband med presentasjon av geografiske data blir prinsippa for normalisering og klassifisering gjennomgått. Vidare vert det jobba med ulike tematiske karttypar og prinsippa for god kartdesign . Studentane får også praktisk erfaring med kartbruk, datainnsamling, bruk av sekundærstatistikk frå statistiske databasar (t.d. SSB), og bruk av rekneeark og GIS-programvare gjennom øvingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for sentrale omgrep som datum, koordinatsystem, projeksjonar og skala
  • har kunnskap om dei grunnleggande prinsippa bak fjernmåling og globale navigasjonssystem som datainnsamlingsmetodar
  • kan definere og eksemplifisere ulike typar geografiske data
  • har brei kunnskap om bruksområde til og utforming av ulike typar tematiske kart
  • kjenner til det norske kartgrunnlaget og Statens kartverk si rolle
  • kan gjere greie for ulike former for regionale inndelingar
  • kan gjere greie for omgrep knytt til romleg organisering av territorium og grenser
  • kan gjere greie for korleis ein må ta omsyn til etikk og (mis)bruk av makt i eit kartografisk perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kart og kompass
  • kan bruke navigasjonsutstyr (GNSS, t.d. GPS) for å samle inn geografiske data
  • kan hente inn geografiske data frå ulike kjelder i GIS programvare
  • kan omarbeide sekundærstatistikk i kartografiske framstillingar
  • kan framstille ulike typar tematiske kart i GIS-programvare
  • kan gjere enkle GIS-analyser

Generell kompetanse

Studenten

  • er etter kurset ein kompetent og kritisk kartbruker og kan planlegge og gjennomføre produksjon av eigne tematiske kart i GIS-programvare.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB /maksimum 100 studentar.

Studentar får plass etter denne prioriteringa:

  1. Studentar på årsstudiet i geografi, bachelorprogrammet i geografi, studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi og studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi
  2. Studentar frå andre program ved UiB (Denne gruppa må ta kontakt med instituttet innen 1. september for å kunne melde seg (Studieveileder@geog.uib.no))

Arbeids- og undervisningsformer

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 8-10 førelesingar

1 oppgåveseminar/datalab á 2 timer pr. veke.

Totalt 6-8 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsform 1: Skriftlege innleveringar av 4 oppgåver

Vurderingsform 2: Skriftlege innleveringar av 3 oppgåver

Vurderingsformer

Vurderingsform 1: Skriftleg eksamen 5 timer

Vurderingsform 2: Skriftleg eksamen 3 timer (65 %) + mappe-evaluering (35 %)

Velg mellom vurderingsform 1 eller 2 ved oppmelding til emnet. Det er ikke mulig å bytte vurderingsform etter 1. september.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon

GEO115 gir 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensumlitteratur (se egen liste), seminarbeskrivelser og annet materiale som vert delt ut på Mitt UiB.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO110 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen og mappevurdering

    Trekkfrist
    10.11.2017
    Andre opplysninger
    Obs! Velg mellom alt.1 skoleeksamen (5t) og alt.2 skoleeksamen (3t) + mappevurdering. For mer info se http://www.uib.no/emne/GEO110
    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Innleveringsfrist
      24.11.2017, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skoleeksamen (3 timer)

      Dato
      07.12.2017, 09:00
      Varigheit
      3 timer
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    07.12.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    23.11.2017
    Andre opplysninger
    Obs! Velg mellom alt.1 skoleeksamen (5t) og alt.2 skoleeksamen (3t) + mappevurdering. For mer info se http://www.uib.no/emne/GEO110
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen