Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Klima, oseanografi og biogeografi

Undervisningssemester

Haust (Første gang: 2016)

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi innsikt i Jordas økosystem og biologiske mangfald, samt dei viktigaste fysiske og kjemiske prosessar som verker i atmosfæren og havet over ulike tidsskalaer. Studentane skal bli kjent med grunnleggjande prinsipp innan biogeografi, meteorologi, klimatologi og oseanografi, og vere i stand til å greie ut om samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære.

Innhald

Første del av emnet tar for seg biogeografiske forhold, der det blir gitt ei innføring i økologisk teori med fokus på å forstå dei miljømessige vilkåra for fordelinga av biom på Jorda. Tema knytt til meteorologi, klima og oseanografi vil deretter bli gjennomgått i meir detalj, med fokus på å forstå samspelet mellom hav og atmosfære. I tillegg vil mennesket sin påverknad på Jordas klima, hav og økosystem bli diskutert. Emnet inkluderer obligatoriske seminar i meteorologi, klimatologi og oseanografi og ein dagsekskursjon knytt til den biogeografiske delen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om den romlege fordelinga av biogeografiske soner og biom i eit globalt, regionalt og lokalt perspektiv
  • har brei kunnskap om globale atmosfæriske og klimatologiske prosessar, og korleis dei påverkar fordelinga av klimasoner på Jorda
  • har brei kunnskap om globale oseanografiske prosessar og korleis dei påverkar regionale og lokale klimatiske forhold
  • har ei integrert forståing av det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære

Ferdigheter

Studenten

  • kan kjenne att biom som fins i Skandinavia og Norge, og forklare korleis desse reflekterer globale biogeografiske mønster
  • kjenner Köppens klassifikasjonssystem for klimasoner og kan nytte dette i praksis
  • kan lese og tolke vêrkart, og ut frå dette vurdere korleis lokale vêrforhold heng saman med storskala atmosfærisk sirkulasjon
  • kan forklare forskjellen mellom vêr og klima, samt greie ut om dei viktigaste kjeldene til interne svingingar i klimasystemet knytt til samspelet mellom atmosfære og hav

Generell kompetanse

Studenten

  • har oversikt over og kan bruke eit presist fagspråk knytt til biogeografi, meteorologi, klima og oseanografi
  • kan gjere kritiske refleksjonar rundt mennesket si rolle i globale klimaendringar
  • har innsikt i korleis mennesket kan påverke biogeografiske mønster gjennom blant anna arealbruk og introduserte artar, og kva for betyding dette har for naturforvaltning i ein klimatisk og biogeografisk kontekst

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO111, GEO115

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 16-20 førelesingar

3-5 seminar á 2 timer pr. veke.

1 heildagsekskursjon  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftlege innleveringar av 3 oppgåver og deltaking på dagsekskursjon. Oppgåvene må vere godkjente innan fastsett deadline og før skriftleg eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timer.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Om du har tatt BIO202 før 2009 vil du få 5 studiepoeng i reduksjon for GEO113.

GEO112 gir 10 studiepoeng (full) reduksjon for GEO113.

Vurderingssemester

Haust. Studentar som er i siste semester for å avslutte grad/undervisningskompetanse i geografi kan få innvilga eksamen i vårsemesteret etter søknad.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO113 vil difor bli evaluert kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    05.12.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    21.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen