Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Regional utvikling

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi teoretiske og empiriske føresetnader for å gjennomføre regionale analysar av utviklings- og omstillingsprosessar.

Innhald

Emnet tar opp tema om regional utvikling med særlig vekt på norske tilhøve. Eksempel på tema er teoriar om region og regional utvikling, befolkning og busetnad, stadsidentitet, flytting og pendling, planlegging og samspelet mellom næring, lokalsamfunn og region. Den geografiske konteksten til emnet omfattar lokalsamfunn, by og region. Gjennom feltkursoppgåva skal studenten kunne demonstrere bruken av relevant teori og metode på eit empirisk materiale. Feltkurset er organisert i form av obligatoriske aktivitetar med forelesingar, rettleiing, feltførebuingar og skriving av feltrapport.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for sentrale teoriar og emne som er relevante i studiar av regional utvikling i Noreg.
  • kan forklare dei prosessane som særleg påverkar utviklinga i lokalsamfunn som mindre stader, urbane strok eller regionar.
  • kan gjere greie for prosessar knytt til økonomisk utvikling og omstilling, regionalisering, stadstilknyting, demografi, mobilitet og regionale innovasjonssystem .

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre datainnsamling og analyse i eitt mindre forskingsprosjekt knytt til gruppearbeid
  • kan meistre grunnleggjande akademisk skrive- og referansetreknikk, feltrapportering og munnleg framlegging

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i gruppe
  • kan nytte kunnskapen i regionale undersøkingar og analyser
  • kan nytte kunnskapen i arbeidsoppgåver som er relevante for føretaksvedtak, plananalyser, arbeid med regionale utviklingsstrategiar, undervisning og forsking.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 forelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 12 - 14 forelesingar.

1 halvdagsseminar

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 4-6 seminar (teoridelen)

Gruppearbeid med rettleiing, presentasjon og feltstudie (feltdelen)

Feltkurs 2-3 dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i feltførebuande undervisning og øvingar. Deltaking på feltkurs.

Obligatoriske arbeidskrav er kun gyldig i same semester.

Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.

Vurderingsformer

Feltrapport (50%) og skriftleg eksamen 5 timer (50%).

Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO122 (15 ECTS) gir 10 sp poengreduksjon.

GEOG122 gir 10 sp poengreduksjon.

GEO123 gir 10 sp i poengreduksjon

GEO151 gir 5 sp i poengreduksjon

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO124 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong det undervisast i kurset.

Institutt

Institutt for geografi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen og feltrapport (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    20.09.2017
    • Eksamensdel: Feltrapport

    • Eksamensdel: Skuleeksamen

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen