Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (første gang 2016)

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi ein introduksjon til problemstillingar og tema i samfunnsgeografien.

Innhald

Emnet tar opp tema som økonomiske globaliseringsprosessar med konsekvensar for produksjonssystem, lokalisering av arbeidsplassar og miljø (bærekraftig utvikling og omstilling). Utgangspunktet er økonomisk geografi som analyserer endringsprosessar i samfunnet internasjonalt, nasjonalt og lokalt, og som vekslar mellom føretaks-, produksjonssystems- og samfunnsperspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan greie ut om samfunnsgeografi knytt til næringsliv, lokalisering av arbeidsplassar og miljøeffektar i Noreg og internasjonalt.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte teoretiske og praktiske problemstillingar relevant for mellom anna lokaliseringsvedtak, strategisk næringsplanlegging, arbeid med regionale utviklingsstrategiar, undervisning og forsking.
  • kan bruke fagterminologien i emnet.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle fagleg forankra synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i fagområdet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 forelesningar á 2 timer pr. veke.

+ en halvdagssamling med 3 forelesninger

Totalt 10-12 førelesningar

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 8-9 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

5 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 10 studiepoeng med GEO621 og GEOG121.

Emnet overlappar 10 studiepoeng med GEO625.

Vurderingssemester

Haust. Studentar som er i siste semester for å avslutte grad/undervisningskompetanse i geografi kan få innvilga eksamen i vårsemesteret etter søknad.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO125 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong det blir undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    15.12.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen