Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden

Fakta om studiet

EmnekodeGEO131
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for geografi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Mål og innhald

Studentane får ei innføring i måtar natur og samfunn interagerer på i forvaltning av naturressursar. I løpet av kurset skal studentane samanfatte den generelle kunnskapen i ei konkret prosjektoppgåve.

Kurset dreier seg om ressursforvaltning og miljøeffektar i Asia, Afrika, og Latin-Amerika, med fokus på jordbruk, skogbruk, og husdyrhald. Ein del forhold som påverkar den lokale ressursforvaltning vert teken opp (økologi, demografi, samfunnsstruktur, kunnskapssystem, modernisering/marginalisering), og dei effektar ein gitt praksis inneber (land degradering, stabilisering m.m.).

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for klassiske og nyare utviklingsteoriar
  • gjere greie for klassiske og nyare teoriar om tilhøvet mellom landbruk, skogbruk, folkesetnad og miljø
  • bruke systemperspektiv på analyse av matproduksjon
  • gi ei oversikt over produksjon og fordeling av mat frå det enkelte bruk til den globale matvareøkonomien.

Undervisningssemester

Vår

Vurderingssemester

Vår og haust

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB. Kurset er obligatorisk for alle studentar ved Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar.

Kurset er ikkje obligatorisk, men eit valemne i spesialiseringa i geografi for studentar ved Bachelorprogrammet i geografi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 12-14 førelesingar

1 seminar á 2 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg essay, ca. 4 sider

Vurderingsformer

5 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen hvert semester. GEO131 vil derfor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.