Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Terrestriske klima- og miljøendringar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO213
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Studenten skal med særleg vekt på norske forhold ha kjennskap til korleis ulike eksogene prosessar og økologien bak vegetasjonsendringar kan brukast til å rekonstruere klima- og miljøendringar i terrestriske miljø i fortid og notid.

Emnet gir ei oversikt over korleis klima- og miljøendringar i terrestriske miljø kan rekonstruerast i tid og rom ved å studere fluviale-, glasiale-, kystnære-, periglasiale- og skråningsrelaterte prosessar, kjemiske prosessar og naturlege vegetasjonsendringar. Ulike metodar for å rekonstruere klima- og miljøendringar i fortid og notid vil bli presentert, og moglege årsaker til desse endringane vil bli diskuterte.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • greie ut om bruken av biologiske og geologiske proksydata som blir nytta til rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
  • skille mellom dei viktigaste agensane/prosessane som i tid og rom har påverka terrestriske klima- og miljøendringar med særleg vekt på norske forhold.
  • gjere greie for sterke og svake sider ved dei vanlegaste dateringsmetodane som blir brukt ved rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar
  • greie ut om moglege årsaker til terrestriske klima- og miljøendringar.
  • gjennom ei praktisk feltoppgåve vise korleis ein rekonstruerer terrestriske klima- og miljøendringar.

Krav til forkunnskapar

GEO115/GEO110, GEO111 og GEO112/GEO113, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEO214 og GEO215

Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 forelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 12-14 forelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 2 seminar.

To dagsekskursjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarinnlegg og deltaking på 2 dagsekskursjonar.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timar.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO211 - 10 studiepoeng

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO212 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no