Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Statistics and geographical methods

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO214
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (første gang i 2017)

Mål og innhald

Kurset gir opplæring i kvantitative metodar med relevans for natur- og samfunnsgeografar. Gjennom kurset skal studenten og tileigne seg kunnskap om utforming av kvalitative forskingsopplegg, utvikling av problemstillingar og bruk av metodar og feltteknikkar med vekt på intervju, tekstanalyse, deltaking og observasjon.

Kurset gir undervising i god forskingspraksis i geografi med fokus på teori som støttar kvalitativ og kvantitativ forsking. Sentrale tema er forskingsdesign, subjektivitet og objektivitet, kritisk refleksivitet, forskingsetikk, samt kvalitative og kvantitative metodar og teknikkar brukt i feltforsking.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for kva kvantitative data er, korleis dei vert innsamla og kva dei kan brukast til.
  • vise god kunnskap om deskriptiv statistikk.
  • vise god kunnskap om grafisk framstilling av data.
  • gjere greie for metodane for analyse av differansar og samanheng mellom variablar
  • vise grunnleggande kunnskapar om generering og tolking av resultat frå eit relevant statistikkprogram
  • vise grunnleggande kunnskapar om multivariat analyse
  • gjere greie for kva eit kvalitativt forskingsopplegg er gjennom å ha tileigna seg innsikt i sentrale kvalitative metodar og teknikkar.
  • sjølvstendig vurdere ei kvalitativ metodisk tilnærming gjennom å utarbeide eit individuelt forskingsopplegg.
  • ta i bruk kvalitative metodar som intervju, spørjeskjema og observasjon.
  • følgje forskingsprosessen og sjå samanhengen frå planlegging til datainnsamling og ferdig tekstprodukt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO 115/110, GEO 111, GEO 112/113, GEO 121/125, GEO 123, GEO 131

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 10-12 førelesingar.

1 datalab/seminar á 3 timer pr. veke.

Totalt 6 datalab/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fem-seks obligatoriske oppgåver. Oppgåvene må vere godkjent før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Spring 2017: Two written exams in GEO204 and GEO206, each 50% of the final grade

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 5 studiepoeng med GEO204

Emnet overlappar 5 studiepoeng med GEO206

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO214 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Institutt

Institutt for geografi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no