Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Hydrologi, grunnvann og geofarer

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEO217
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten ei djupare innføring i naturgeografiske problemstillingar knytt til vatn og klima, med særleg vekt på prosessar. Emnet gir ei djupare forståing for vatn som ein aktiv landformdannande agens, og korleis ulike hydrologiske system og dreneringsfelt vert påverka av menneskeleg aktivitet og klimaendringar. Emnet har som mål å gjere studenten merksam på dei dynamiske prosessane i naturen relatert til avrenning, og øve opp evna til å identifisere og reflektere over samfunnsmessige konsekvensar av hydrologiske prosessar og vice versa.

Emnet skal formidle forståing for korleis vatnet strøymer over og under bakken og korleis menneskelig aktivitet kan påverke strøymingsforholda. Emnet skal gi studenten erfaring med innsamling, analyse og behandling av hydrologiske data. Vidare vil ei forståing for klimaendringar med auka nedbør, høgare havnivå og ekstremværhendingar verte vektlagd, og dei implikasjonar dette har for fluviale og skråningsrelaterte prosessar. Dei samfunnsmessige konsekvensane vil og verte diskutert for gjere studenten i stand til å identifisere vassrelaterte problemstillingar i til dømes planleggings- eller forvaltingssamanheng.

Innhald:

Emnet gir ei innføring i hydrogeologi og grunnvasstrøyming og tar vidare opp tema som overflateavrenning, fluvial geomorfologi og flaum, nedbørsrelaterte skråningsprosesser, fenomen knytt til ekstremvær som stormflo, intens nedbør og ekstreme vindhastigheter. Tema som urbanhydrologi, naturfarar og flomstørrelse, gjentaksintervall og sannsyn vert diskutert i lys av samfunnsmessige aspektar.

Felt- og ekskursjonsdagar vil gi praktisk erfaring med hydrologiske og hydrogeologiske feltmetodar og presentere aktuelle problemstillingar knytt til blant anna vassforsyning, forureining og flaum.

Seminar i samband med ekskursjonane vil gi erfaring med utrekningar knytt til grunnvasstrøyming, jordartar sine hydrauliske eigenskapar, analyse av nedslagsfelt og hydrologiske data og grafisk presentasjon av data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om fysiske og kjemiske prosessar knytt grunnvatn og grunnvasstrøyming
  • kan greie ut om samspelet mellom grunnvatn og overflatevatn
  • har kunnskap om naturlege og samfunnsmessige konsekvensar av endringar i havnivå
  • har kunnskap om skråningsprosesser utløyst av meteorologiske prosessar
  • har kunnskap om fluvial geomorfologi og flaum
  • har kunnskap om korleis klimaendringar og menneskelig aktivitet påverkar avrenning, flaum og skredfaren i eit dreneringsfelt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre vassføringsmålingar i ei elv, og vurdere og grunngje kva for metode som egnar seg under ulike forhold
  • kan gjere berekningar knytt til grunnvasstrøyming i lausmasser basert på hydrauliske parameter
  • kan vurdere korleis menneskeleg aktivitet, arealbruksendringar og klimaendringar påverkar avrenninga i eit dreneringsfelt
  • kan bruke sin vatnfaglege kunnskap til å definere ei faglig problemstilling og sette seg inn i forsking som er gjort på dette feltet, samt formidle denne nye kunnskapen skriftlig og munnleg
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke eit presist naturgeografisk fagspråk til å beskrive og diskutere hydrogeologiske, hydrologiske og klimarelaterte prosessar og hendingar
  • kan erkjenne, vurdere og kommunisere mennesket si rolle i og innverknad på hydrologiske system
  • kan ta i bruk egna programvare til å behandle og presentere data
  • kan vurdere medstudentar sine presentasjonar av eit faglig tema og gi konstruktiv tilbakemelding

Krav til forkunnskapar

GEO110/ GEO115, GEO111 og GEO112/ GEO113, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1-2 forelesing á 2 timer pr. veke

Totalt 10-15 forelesingar

1 seminar á 2 timer pr. veke

Totalt 5-10 seminar

3-5 dagar ekskursjon/feltarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltundervisning og seminar.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Feltoppgåver, seminaroppgåver, skriftlige kommentarar til medstudent og presentasjon av sjølvvald tema inngår i mappe.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. Emnet vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no