Teorier om utvikling og migrasjon
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Emnet overlappar fagleg 5 studiepoeng med GEO338. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Basiskjennskap til migrasjon og utvikling
Læringsutbyte
Studenten skal sitje igjen med ei oversikt over nyare utviklingsteoriar, og gjennom desse ha tileigna seg innsikt i kva slags prosessar som forsterkar eller endrar ulik utvikling rundt omkring på kloden. Vidare skal studenten kjenne til sentrale teoriar om migrasjon og vere i stand til å sjå årsakene til migrasjon i samanheng med både lokale og globale ulikskapar. Studenten skal ha opparbeidd evne til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå teoretiske fortolkingsrammer, og skal kunne sjå samanhengen mellom slike fenomen på ein heilskapleg måte.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Mål og innhald
Studentane skal trenast til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå ein del ulike teoretiske fortolkingsrammer.
Kurset gir ei innføring i klassiske og nyare utviklingsteoriar. Det vert lagt særskild vekt på teoretiske tilnærmingar som søkjer å forklare det faktum at utvikling er ulikt fordelt rundt omkring på kloden, og prosesser som forsterkar eller endrar ei slik geografisk fordeling. Migrasjon kan på mange måtar sjåast på som ei mikrotilpassing til globale utviklings- og endringsprosessar, samstundes som migrasjon også bidrar til å forme den globale verda. Kurset vil framheve teoriar som ikkje einsidig fokuserer på integrering i vertssamfunnet eller på effektar i avsendarstaden, men som ser heile migrasjonsprosessen under eitt.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal sitje igjen med ei oversikt over nyare utviklingsteoriar, og gjennom desse ha tileigna seg innsikt i kva slags prosessar som forsterkar eller endrar ulik utvikling rundt omkring på kloden. Vidare skal studenten kjenne til sentrale teoriar om migrasjon og vere i stand til å sjå årsakene til migrasjon i samanheng med både lokale og globale ulikskapar. Studenten skal ha opparbeidd evne til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå teoretiske fortolkingsrammer, og skal kunne sjå samanhengen mellom slike fenomen på ein heilskapleg måte.
Krav til forkunnskapar
Basiskjennskap til migrasjon og utvikling
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Emnet overlappar fagleg 5 studiepoeng med GEO338.
Undervisning og omfang
1 førelesing á 2 timer pr. veke.
Totalt 12 førelesingar.
1 seminar á 2 timer pr. veke.
Totalt 1 seminar
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjent semesteroppgåve, ca 4 sider
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 5 timer
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO231 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no