Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Regionalgeografisk feltkurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO292
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Mål

Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.

Innhald

Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere nytte av sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt ved å lage ei problemstilling,utvikle eit forskningsdesign og granske dette teoretisk og empirisk
  • kan gjere nytte av kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar

Generell kompetanse

Studenten

  • beherskar akademisk skrive- og referanseteknikk, og viser dette gjennom ein feltrapport
  • kan jobbe individuelt og i gruppe.

Krav til forkunnskapar

GEO115/ GEO110. Enten GEO221, GEO231, eller tilsvarande, og godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han blir tatt opp på GEO292.

Krav til studierett

Emnet har plass til 30 studentar. Opptak skjer etter denne prioriteringa:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi i 6. semester.
  2. Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi i 4. semester.
  3. Studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi

Arbeids- og undervisningsformer

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar.

Feltkurs: 3-5 dagar (antal dagar avhengig av reiseavstand).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på feltkurs og feltførebuande seminar. Obligatorisk krav kan kun gjennomførast ein gong og er gyldig frå det semesteret det er gjennomført og godkjent.

Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen (50%). 2-3 studentar skriv feltrapporten saman.

Individuell munnleg eksamen (50%). Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO292 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no