Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Miljøgeografisk feltkurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO293
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Studenten skal lære korleis problemstillingar, hypotesar og forskingsopplegg vert utvikla gjennom ei miljøgeografisk feltoppgåve, og ta i bruk miljøgeografiske metodar og teknikkar. Gjennom arbeidet med feltstudiet får studentane innsikt i og erfaring med sentrale miljøgeografiske tema som teoretisk og metodisk har vært tatt opp i andre kurs som GEO 293 bygger på. Det kan f.eks. være arealplanlegging, ressursbruk, landskapsendringar, klimaomstilling og forvaltning av biologisk mangfald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere nytte av sentrale miljøgeografiske tema, kjelder, metodar og teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei miljøfaglieg problemstilling, og gjennomføre ein analyse med tilhøyrende drøfting
  • kan gjennomføre ei avgrensa miljøgeografisk feltundersøking/forskingsprosjekt på eigen hand eller i samarbeid med andre
  • kan bruke kvantitative og/eller kvalitative felt- og analysemetodar, som for eksempel intervju, tekstanalyse, flybildetolkning, kartografi og GIS
  • kan bruke akademisk argumentasjon, skrive- og referanseteknikk

Generell kompetanse

Studenten

  • har opparbeidd kompetanse om sentrale miljøfaglege problemstillingar og korleis slik kunnskap kan framstillast i ein skriftleg samanheng.
  • kan jobbe individuelt og i gruppe.
  • kan gjennomføre søk etter relevant litteratur, referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste.

Krav til forkunnskapar

GEO110. Enten GEO281, GEO282 eller tilsvarande, og godkjent metodekurs (GEO204/GEO206/GEO214 eller tilsvarande). Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han kan takast opp på GEO293

Tilrådde forkunnskapar

GEO111 og GEO112

Krav til studierett

Ope, men talet på plassar er avgrensa. Studentar ved Bachelorprogrammet i geografi og Bachelorprogrammet i Miljø og ressursforvaltning som vel spesialisering i geografi vil bli prioritert. Ytterlegare prioritering blir gjort etter talet på studiepoeng i GEO-emne.

Arbeids- og undervisningsformer

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 1-2 førelesingar.

1-2 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 5 seminar

Feltkurs 5-7 dagar. Talet på dagar avheng av reiseavstand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på feltkurs. Obligatorisk krav kan kun gjennomførast ein gong og er gyldig frå det semesteret det er gjennomført og godkjent.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen (50%). 2-3 studentar skriv feltrapporten saman.

Individuell munnleg eksamen (50%).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng) og GEO291 før 2016 (10 poeng).

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

GPS

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO293 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geog.uib.no