Hjem

Utdanning

Masteremne

Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Gjennom kurset skal studentane tileigne seg innsikt i vitskapsteoretiske grunnomgrep og posisjonar, setje studentane i stand til å bruke denne innsikta i eige arbeid, og setje faget geografi inn i ei større vitskapleg, samfunnsmessig og miljømessig ramme. Kurset dekker kunnskapsteoretiske og vitskapsfilosofiske emne med fokus på forskingsdesign, og dekker både natur- og samfunnsvitskapleg orientert vitskapsteori for geografar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i ulike kunnskapsteoretiske og vitskapsfilosofiske omgrep og posisjonar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for samanhengen mellom kunnskapsteoretiske emne og forskingsdesign i det geografiske rom
  • kan bruke ulike vitskapsteoretiske retningar til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan stille seg kritisk til ulike vitskapsteoretiske retningar relevant for geografifaget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke vitenskapsteoretisk kunnskap og omgrep i eigne prosjekt

Krav til forkunnskapar

Tatt opp på master i geografi. Kunnskap om faghistorie med eksamen i GEO212/221/282/231 - eller tilsvarande.

Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet.

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 4 fellesførelesingar for samfunns- og naturgeografi.

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 4 parallellsesjonsførelesingar i natur- og samfunnsgeografi.

Totalt 8 førelesingar 6-8 veker.

1 fellesseminar for samfunns- og naturgeografi

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 5 dagar

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO301 - 10 ECTS

GEO302 - 10 ECTS

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO308 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    24.11.2017, 14:00
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen