Hjem

Utdanning

Masteremne

Semesteroppgave

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeGEO309
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk og norsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Målet er at studenten i samarbeid med rettleiar skal sette seg inn i relevante teoriar, metodar og forskingsmessige framgangsmåtar (forskingsdesign) tilpassa eiga masteroppgåve i geografi. Semesteroppgåva skal inneholde forskningsdesignet for masteroppgåva og plan for eige feltarbeid. Semesteroppgåva er ei fordjuping og metodisk vidareføring av prosjektskildringa (GEO310), og byggjer på læring frå andre teoretiske og metodiske kurs i mastergraden.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • skaffe seg oversikt over relevant teori og litteratur innan feltet for masteroppgåva.
  • vise korleis eiga masterstudie relaterer seg til relevant forsking på det aktuelle forskingsfeltet
  • vidareutvikle problemstilling og forskingsspørsmål for masteroppgåva
  • utvikle ei metodologisk ramme for innhenting av relevante data og framgangsmåte for å analysere problemstillinga.
  • Vurdere eigne funn i samanheng med relevant forsking innan tema for oppgåva.
  • Presentere og diskutere ei fagleg problemstilling på seminar.

Krav til forkunnskapar

Tatt opp på master i geografi eller andre masterprogram Institutt for geografi deltar i.

Tilrådde forkunnskapar

GEO310 og GEO308

Krav til studierett

Reservert studentar ved Masterprogram i geografi og Master¿s Programme in Dvelopment Geography.

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing, sjølvstendig skriving, presentasjon i plenum

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Utkast til semesteroppgåva skal presenterast i plenum med rettleiar og opponent. Dette er milepæl nr. 2 i masterprogram i geografi og Master's in Development Geography.

Vurderingsformer

Seminarpresentasjon og semesteroppgåve (ca 5-6000 ord).

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

GEO303 (10 poeng)

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO309 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og seminarinnlegg

    Innleveringsfrist
    15.11.2017, 14:00
    Trekkfrist
    01.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen