Hjem

Utdanning

Masteremne

Skrivekurs og prosjektskildring

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet er å få studenten tidleg i gang med masteroppgåva gjennom skrivetrening og praktisk innsikt i forskingsprosessen. Emnet søkjer å gi studentane auka innsikt i skriveprosessen bak ei vellykka masteroppgåve gjennom å arbeide med ein prosjektskildring for det framtidige mastergradsarbeidet. Prosjektskildringa dannar grunnlaget for masteroppgåva og tildeling av rettleiar.

Læringsutbyte

En student som har fullført kurset skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • vel eit tema for ei masteroppgåve, utviklar og avgrensar det til ei forskbar og klart formulert problemstilling som kan gjennomførast innanfor den gitte tids- og ressursmessige ramma
  • vel relevant kunnskap innan geografisk forsking knytt til den spesialiseringa studenten har valt innanfor masterprogrammet i geografi

Ferdigheiter og generell kunnskap

Studenten

  • fører akademisk argumentasjon, strukturerer masteroppgåva og følgjer god akademisk referansebruk
  • gjer systematiske søk i bibliotek, vitskaplege og andre databaser og tolkar og vurderer data og litteratur kritisk
  • utarbeider ei sjølvstendig prosjektskildring som inneheld definisjon av tema, fagleg grunngjeving, problemstilling, val av teori og metode, forskingsdesign og plan for gjennomføring
  • presenterer ei fagleg problemstilling på seminar

Krav til forkunnskapar

Tatt opp på Master i geografi eller Master's in Development Geography.

Krav til studierett

Reservert studentar ved Master i geografi og Master's in Development Geography.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar/seminar/øvingar to veker intensivkurs i august, munnleg presentasjon i desember.

4-5 forelesingar á 2 timer pr. veke.

1 seminar med presentasjonar i desember

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To innleveringar må vere godkjent før innlevering av endeleg prosjektskildring. I løpet av første fase av kurset i august skal det leverast inn eit ´tankepapir´ (1-2 sider; første veke) som har til mål å utvikle tema, vinkling og argument, og ei prosjektskisse (4-6 sider; andre veke) som vidareutviklar desse til ei problemstilling og gir viktige referansar.

Vurderingsformer

Prosjektskildring på 10-12 sider.

Prosjektskildringa skal vere ei gjennomarbeidd skildring av tema, formål/fagleg grunngjeving for prosjektet, problemstilling, ei kort utgreiing av forskingsdesign, metode og plan for gjennomføring.

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

GEO300 (5 studiepoeng)

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO310 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektbeskrivelse og seminarinnlegg

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    17.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen