Hjem

Utdanning

Masteremne

Særemne i naturgeografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeGEO312
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår uregelrett

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten ei djupare innføring i aktuelle forskingstema i naturgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva. Emnet skal formidle forståing for aktuelle forskingstema i naturgeografi. Tema varierer frå år til år.

Innhald:

Studiet kan ta opp tema som klima- og miljøendringar, vidaregåande geomorfologi, vegetasjons- og miljøendringar, marin geografi og fjernmålingsteknikkar for overvaking av miljøendringar. Etter avtale med rettleiar kan eige pensum definerast i dette emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor det utvalte naturgeografiske fagområdet og spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde
  • har inngåande kunnskap om det naturgeografiske fagområdets vitskapelege teori og metodar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan presentere eige deltema i ein skriftleg rapport basert på relevant litteratur
  • kan presentere eige deltema og gjere greie for relevant litteratur i plenum
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglige resonnement
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor eit naturgeografisk fagområde og arbeide sjølvstendig med praktisk og/eller teoretisk problemløysing

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere relevante naturgeografiske problemstillingar
  • kan bruke sin kunnskap og ferdigheiter på nye område og beherskar naturgeografien sine uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor naturgeografi, både skriftlig og munnleg

Krav til forkunnskapar

GEO212 og GEO291, eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar og førelesningar etter behov, tilpassa 300 nivå.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarinnlegg

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og munnleg eksamen.

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust og vår uregelmessig

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO312 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no